Øyredobb
From Wikipedia, the free encyclopedia
Øyredobb eller øyredobbe er ein type smykke som ein set fast i øyret gjennom ein piercing. «Dobb(e)» (av norrønt doppa, frå lågtysk doppe, 'rundt skal, knopp, knapp') tyder ein rundvoren, hengande pynteting.[1] Ein ringforma øyredobb blir gjerne kalla øyrering.[2]
Ein bruker ofte smykka parvis med like øyredobbar i kvart øyre, men dei kan også brukast asymmetrisk. Ein øyredobb kan vera liten og berre sitja på øyra, eller større og då gjerne hengande. Ulike delar av øyredobbar kan vera laga av mange ulike materiale, som metall, plast, glas, tre, bein, perler og smykkesteinar.
Den vanlegaste staden å bera ein øyredobb er i øyreflippen, men mange delar av øyret kan brukast. Piercingar gjennom brusk i andre delar av øyret enn øyreflippen er meir komplekse, og har større risiko for infeksjon og komplikasjonar.[3]