tidlegare kommune i Troms fylke i Noreg From Wikipedia, the free encyclopedia
Øverbygd er ein tettstad i Målselv kommune med 243 innbyggjarar per 1. januar 2023. Staden var tidlegare sentrum for ein eigen kommune.
Kommuneadminstrasjonen ligg på Moen. Bygda ligg øvst i Målselvdalen der Målselvdalen møter Rostadalen og Dividalen. Forsvaret er den viktigaste arbeidsplassen i bygda med Skjold leir (tidlegare Maukstadmoen og Holmen Leir) som ligg sentralt i bygda og har om lag 800 soldatar. I 2005 vart Filmcamp etablert i den gamle militærleiren på Holmen. Øverbygd har ein pub som heiter Kaffebrenneriet.
Øverbygd var tidlegare ein eigen kommune. Opphavleg var Øverbygd ein del av Målselv formannskapsdistrikt, men vart skild ut som eigen kommune med 566 innbyggjarar 1. juli 1925.
Øverbygd kommune var den minste kommunen i Troms etter folketal frå han vart oppretta og fram til 1962, då han passerte Astafjord i folketal.
1. januar 1964 vart Øverbygd og Målselv kommunar med tillegg av garden Skogli ved Heia i Balsfjord, og Naveren og Målsnes i Malangen slegne saman til den nye Målselv kommune. Øverbygd hadde ved samanslåinga 1 232 innbyggjarar.
Folketalsutvikling for tidlegare Øverbygd kommune frå 1925 til 1964:
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.