Ørkenklima
From Wikipedia, the free encyclopedia
Ørkenklima (BWh, Wk og BWn i Köppen si klimaklassifisering), òg kjend som tørt klima, er klimasoner som ikkje møter kriteria for å kunne klassifiserast som arktisk klima, og soner der nedbøren er så låg at det ikkje finst plantevekst i særleg grad.
Eit område med dette klimaet vil vanlegvis (men ikkje alltid) ha mindre enn 250 mm nedbør per år og i somme år ikkje noko nedbør i det heile. I somme tilfelle kan eit område ha meir enn 250 mm nedbør årleg, men vert likevel rekna for å ha ørkenklima fordi området mistar meir vatn via evapotranspirasjon enn nedbøren som blir tilført (Tucson i Arizona og Alice Springs i Australia er døme på dette).
Det er vanlegvis to eller tre variantar av ørkenklima: Varmt ørkenklima (BWh), kaldt ørkenklima (BWk) og stundom mildt ørkenklima (BWn). I tillegg vert det ofte nytta tre isotermar for å skilje varmt og kaldt ørkenklima: Anten ein årleg middeltemperatur på 18 °C, eller ein middeltemperatur på 0 °C eller -3 °C i dei kaldaste månadane- Så ein stad med ein «BS»-type klima med temperaturane høgare enn 18 °C er klassifisert som «varm halvørken» (BWh), og ein stad med temperatur under dei lågaste temperaturen over er klassifisert som «kald halvørken» (BWk).
For å avgjere om ein stad har ørkenklima må ein setje grenseverdiar for nedbør. Å finne nedbørsgrensa (i millimeter) må ein først multiplisere den årlege middeltemperaturen i °C med 20, og så legge til 280 om 70% eller meir av den totale nedbøren kjem i halvåret då sola står høgast (april til september på den nordlege halvklua, eller oktober til mars på den sørlege), 140 om 30%–70% av den totale nedbøren kjem i den same perioden, eller 0 om mindre enn 30% av den totale nedbøren kjem i denne perioden. Om den årlege nedbøren i området er mindre enn halvparten av denne grensa, vert det klassifisert som BW (ørkenklima) det er veldig varmt og kan også bli opp til 50 grader i skyggen.[1]