![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/3/37/Syros_Ano_Syros_u_Ermoupolis140707.jpg/640px-Syros_Ano_Syros_u_Ermoupolis140707.jpg&w=640&q=50)
Áno Sýros
From Wikipedia, the free encyclopedia
Áno Sýros (gresk Άνω Σύρος) er ein by og ein tidlegare kommune nord på øya Sýros i øygruppa Kykladane i periferien Dei sørlege egeiske øyane i Hellas. Han inngår frå 2011 som ei kommunaleining i kommunen Sýros-Ermoúpoli i periferieininga Sýros.[2]
Áno Sýros Lokalt namn Άνω Σύρος | |
---|---|
![]() | |
Geografi | |
![]() | |
Stad | Kykladane |
Koordinatar | 37°26′N 24°56′E
|
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining Kommune | Dei sørlege egeiske øyane Sýros Sýros-Ermoúpoli |
Hovudsete | Áno Sýros (621 innb.) |
Demografi | |
Folketal | 3 611 (2021[1]) |
Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunaleininga Áno Sýros 3 611 innbyggjarar, medan tettstaden med same namn hadde 621 innbyggjarar.[1]
Áno Sýros vart bygd av venetianarar på byrjinga av 1200-talet nordvest for Ermoúpoli. Áno Sýros har framleis ein mellomalderatmosfære. Ein kan derimot ikkje nå byen via bilvegar. Den katolske basilikaen San Giorgio dominerer bybiletet. Han vart bygd på 1200-talet, men er vorten øydelagd og bygd opp att tre gonger.[3] Frå toppen av byen kan ein sjå naboøyane Tínos, Dílos, Mýkonos, Páros og Náxos.