Map Graph

Nordlandet

øy i Kristiansund

Nordlandet er den største øya i Kristiansund kommune på Nordmøre i Møre og Romsdal fylke. Ho har eit areal på 14,44 km². Øya er den nordlegaste av dei øyane byen ligg på, med hamna som det sentrale midtpunkt. Her ligg òg det høgaste punktet i byen, Kvernberget på 205 m.o.h.. Den gamle busetnaden på Nordlandet ligg sentralt i forhold til hamna og sunda som er innseglinga til hamna. Frå her er det båtsamband over sunda til sentrum av byen på Kirkelandet. Bydelen Nordlandet har eiga kyrkje, Nordlandet kyrkje.

Read article
Fil:Nordlandet_Kristiansund.JPGFil:Norway_-_Nordlandet.pngFil:Kristiansund_Stadt.jpgFil:Nordlandet_kirke.JPGFil:Kvernberget.JPG