Nordlandet
øy i Kristiansund From Wikipedia, the free encyclopedia
øy i Kristiansund From Wikipedia, the free encyclopedia
Nordlandet er den største øya i Kristiansund kommune på Nordmøre i Møre og Romsdal fylke. Ho har eit areal på 14,44 km². Øya er den nordlegaste av dei øyane byen ligg på, med hamna som det sentrale midtpunkt. Her ligg òg det høgaste punktet i byen, Kvernberget på 205 m.o.h.. Den gamle busetnaden på Nordlandet ligg sentralt i forhold til hamna og sunda som er innseglinga til hamna. Frå her er det båtsamband over sunda til sentrum av byen på Kirkelandet. Bydelen Nordlandet har eiga kyrkje, Nordlandet kyrkje.
Nordlandet | |
---|---|
Bydelen Nordlandet i Kristiansund Foto: Harald Oppedal | |
Geografi | |
Stad | Nordmøre |
Koordinatar | 63°07′07″N 07°49′02″E |
Areal | 14,44 km² |
Høgaste punkt | Kvernberget (205 moh.) |
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke | Møre og Romsdal |
Demografi | |
Folketal | 6117 (2024) |
Folketettleik | 423,6 /km² |
Mykje av utbygginga i Kristiansund dei siste 30 åra har skjedd på Nordlandet.
Kristiansund lufthamn, Kvernberget ligg på Nordlandet, med tilhøyrande helikopterbase for oljeverksemda på Haltenbanken. Like ved ligg oljebasen Vestbase. Løkkemyra var opphavleg regulert til industriområde, men er no òg eit handelssentrum i Kristiansund, med mellom anna kjøpesenteret Amfi Futura, Biltema og andre store varehus.
Nordlandet vert òg humoristisk kalla «Marokko».
Folketalsutvikling
1900[1][2] | 2000[3] | 2024[3] |
---|---|---|
2303 | 5352 | 6117 |
Fram til 1964 var øya delt mellom Kristiansund og Bremsnes kommune.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.