From Wikipedia, the free encyclopedia
Periferieininga Évros (gresk Περιφερειακή ενότητα Έβρου, Periferiakí enótita Évrou) er den nordlegaste periferieininga i Hellas og ligg i periferien Aust-Makedonía og Thráki.[2] Hovudstaden i periferieininga er Alexandroúpoli. Det ligg aust og nordaust i den greske delen av Thráki og grensar til Tyrkia ved elva Évros (Maritsa). Évros grensar til Bulgaria i nord og nordvest. Periferieininga Rodópi ligg i vest.
Periferieininga Évros Περιφερειακή ενότητα Έβρου | |
---|---|
| |
Periferi | Aust-Makedonía og Thráki |
Hovudstad | Alexandroúpoli |
Folketal | 133 802 (2021[1]) |
Areal | 4 242 km² Rangering 6. |
Folketettleik | 32/km² |
Kommunar | 5 |
Postnummer | 68x xx |
Retningsnummer | 255x0 |
Bilnummer | EB, OP |
Heimeside | www.evros.gr |
Namnet på periferieininga kjem frå elva Évros (Maritsa), som ser ut til å ha vore eit thrakisk hydronym.
Tidlegare var Évros eit prefektur. Frå 2011 er periferieininga delt inn i fem kommunar.[2]
Periferieining | Kommune | Tidlegare kommune | Postnummer | Retningsnr |
---|---|---|---|---|
Évros | Samothráki | Samothráki | 680 01 | 25510-4 |
Alexandroúpoli | Alexandroúpoli | 681 00 | 25510-2 til 7 | |
Traianoúpoli | 681 00 | 25310-4 | ||
Féres | 685 00 | 25550-2 | ||
Souflí | Souflí | 684 00 | 25540-2 | |
Orféas | 680 04 | 25530-3 | ||
Tykheró | 680 03 | 25540-4 | ||
Didymótikho | Didymótikho | 683 00 | 25530-2 | |
Metaxádes | 680 10 | 25530-3 | ||
Orestiáda | Orestiáda | 682 00 | 25520-2 | |
Výssa | 680 01 | 25520-7 | ||
Trígono | 680 07 | 25560-3 | ||
Kyprínos | 680 05 | 25560-2 | ||
Dei største byane og tettstadene i periferieininga er:
Tettstad | Kommune | Folketal 2011[3] | Folketal 2021[1] |
---|---|---|---|
Alexandroúpoli | Alexandroúpoli | 57 812 | 59 476 |
Orestiáda | Orestiáda | 18 426 | 18 164 |
Didymótikho | Didymótikho | 9 263 | 8 611 |
Féres | Alexandroúpoli | 5 457 | 4 053 |
Souflí | Souflí | 3 837 | 3 210 |
Néa Výssa | Orestiáda | 2 805 | 1 679 |
Tykheró | Souflí | 2 311 | 1 483 |
Kamariótissa | Samothráki | 1 069 | 1 067 |
Rízia | Orestiáda | 1 272 | 997 |
Néos Pýrgos | Orestiáda | 943 | 855 |
Évros er ei av dei største periferieiningane i Hellas og den største i Thráki, ein av tre regionar i Nord-Hellas (dei to andre er Gresk Makedonia og Thessalía). Évros er om lag 150 km lang frå nord til sør, og 70–100 km brei og dekkjer 45 % av Thráki. Periferieininga inkluderer òg øya Samothráki.
Elva Évros følgjer det meste av grensa mot Tyrkia. Den største sideelva til Évros er Árdas, som kjem frå Bulgaria og renn gjennom den nordlege delen av periferieininga frå vest mot aust.
Rodopifjella ligg i vest og sørvest og åsane før fjell i sentrale og nordlege område. Ei slette og jordbruksområde ligg i dalen langs elva Évros i aust, medan Egearhavet ligg i sør.
Området har hovudsakleg middelhavsklima i sørlege og sentrale område. I nordlege og høgareliggande område er klimaet meir kontinentalt.
Området vart styrt av thrakarar fram til det vart annektert av Kongedømet Makedonia. Det makedonske styret varte fram til revolusjonen i rundt 310 fvt., då det vart ein del av Selevkidriket, som varte fram til om lag år 90 fvt. Det vart så ein del av Romarriket og provinsen Thrate fram til år 395, då det vart ein del av Austromarriket fram til 1400-talet. Gotarane invaderte området og kort tid etter vart det invadert av slavarar. Det vart så ein del av Det osmanske riket. Området klarte ikkje å lausrive seg frå tyrkarane under den greske sjølvstendekrigen. Det moderne prefekturet vart invadert av Bulgaria under balkankrigane og annektert av landet. Området vart først ein del av Hellas etter den første verdskrigen, i 1920. Under den gresk-tyrkiske krigen 1919-1922 flykta mange grekarar til området frå tyrkiske område i Vesleasia. Etter den andre verdskrigen og den greske borgarkrigen måtte store delar av prefekturet byggast opp att. Økonomien betra seg, men mange innbyggjarar flytta til større byar i Hellas og utanlands i åra som fylgde.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.