From Wikipedia, the free encyclopedia
Åsta er ei bygd i Åmot kommune i Innlandet. Ho ligg ca. 7 km sør for Rena i Østerdalen og er sentrert om elva Åsta sitt utløp i Glomma frå vest. Busetnaden ligg på begge sider av Glomma, med størst konsentrasjon langs Vidar Sandbecks veg på sørsida av Åstaelva. Dei to sidene av Glomma er bundne saman av Glomstadfoss bru. Dette er ei smal hengebru med ei vektavgrensing på halvtanna tonn.[1][2] Riksveg 3 kryssar Åsta på Åsta bru. Den fyrste brua kom i 1903,[3] medan den noverande brua er frå 2014.[4] Den tidlegare bruagår parallelt med riksvei 3 og blir brukt til lokaltrafikk.
Åsta | |||
bygd | |||
Åsta aust | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Åsta i Åmot 61.074°N 11.348°E | |||
Wikimedia Commons: Åsta (village) | |||
Det var kampar ved Åsta i aprildagane 1940.[5]
I tidlegare tider blei det drive tømmerfløyting i Åsta, men fløytinga i sideelvene til Glomma blei praktisk talt avvikla tidleg på 1970-talet.[6]
Åsta var 4. januar 2000 åstad for Åsta-ulukka, ein jarnbanekollisjon som tok 19 menneskeliv. Den tidlegare stasjonen ligg nord for Åsta-elva og aust for riksveg 3. Det står eit minnesmerke over ulukka ved ein rasteplass ved avkjøringa til stasjonen, og like ved sida av dette er eit krigsminnesmerke.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.