From Wikipedia, the free encyclopedia
«Gjøa» var det første fartøyet som segla gjennom Nordvestpassasjen.[1] Med eit mannskap på seks, under leiing av Roald Amundsen, nådde skuta Stillehavet i 1906 etter ei ferd på over tre år.
Den 70 fot store jakta vart bygd i 1872 i Jørafjero i Rosendal av Knut Johannesson Skaale (Jøra-Knuten). Ho vart dei første 28 åra brukt i fiskeri, før Amundsen kjøpte henne i 1901 for bruk i arktiske ekspedisjonar. Dei siste 18 åra før Amundsen kjøpte henne tilhøyrde «Gjøa» ishavskipperen Hans Christian Johannesen.
Mannskapet på ekspedisjonen var i tillegg til Amundsen Helmer Hanssen, Anton Lund, Godfred Hansen, Peder Ristvedt, Gustav Juel Wiik og kokken Henrik Lindstrøm, som seinare følgde Amundsen på alle ekspedisjonane hans bortsett frå ein.
«Gjøa» segla ut frå Oslo 16. juni 1903, og etter å ha segla mellom Fastlands-Canada og sørspissen av Victoria Island (Kitlineq) nådde «Gjøa» Nome i Alaska den 31. august 1906. Ho segla så vidare til San Francisco, der ho fekk ein storslagen velkomst 19. oktober.
Under ekspedisjonen utførte mannskapet blant anna fleire målingar for å avgjere posisjonen til den magnetiske nordpolen.
Skipet vart seinare kjøpt av eit norsk-amerikansk samfunn og donert til San Francisco by i 1909. Der vart det stilt ut i Golden Gate Park. I 1972 vart «Gjøa» henta tilbake til Noreg og er i dag plassert i eit eige bygg på Frammuseet på Bygdøy.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.