slekt av sporvefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia
Zosterornis er ei biologisk slekt med fem artar av sporvefuglar i brillefuglfamilien, Zosteropidae. Slekta er endemisk for Filippinane.
Zosterornis | |
Rustmaskebrillefugl, Zosterornis whiteheadi, frå fjellet Polis, 300 km nord for Manila Foto: Wikimedia-brukar Llimchiu | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Brillefuglar Zosteropidae |
Slekt: | Zosterornis Ogilvie-Grant, 1894 |
Zosterornis-brillefuglar er 13-15 centimeter i kroppslengd, har ei olivenfarga overside og kremgul til gul underside. Hos fire av artane er undersida streka. To av artane har kvit ring rundt augo, «brille». Dette er dei to artane på øya Luzon, rustmaskebrillefugl og luzonbrillefugl. Dei andre tre artane er isolerte på kvar si øy, høvesvis Panay, Negros og Palawan.[1]
Habitat for desse artane er skog, gjerne over 1000 moh., men luzonbrillefuglane lever under 1000 moh. Føda er ei blanding av vegetabilsk og animalsk og kan inkludere insekt, edderkoppar, frø og små frukt eller bær.[1]
Arten negrosbrillefugl er klassifisert som sterkt truga av IUCN fordi han lever på eit særs avgrensa område på øya der avskoging pågår. Populasjonen er estimert til mellom 600 og 1700 individ.[2]
Tre av dei fem artane blei skildra første gongen i siste halvleiken av 1900-talet, panaybrillefugl så seint som i 1990.[3]
Zosterornis i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2017[4] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[5]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.