Yupikfolk (eintal yupik, fleirtal yupiit) (/ˈjuːpɪk/; russisk Юпикские народы) er ei urfolksgruppe frå vest-, sørvest- og sør-sentrale Alaska og Russisk fjerne austen. Dei er i slekt med inuittar og iñupiatfolk, og snakkar tradisjonelt yupikspråk. Yupikfolka omfattar dei følgjande gruppene:
- Alutiiqtalarar eller sugpiaq, frå Alaskahalvøya og kyst- og øyområde frå sør-sentrale Alaska
- Yup'ik eller Sentral-Alaska-yup'ik frå Yukon–Kuskokwim-deltaet, Kuskokwimelva og langs nordkysten av Bristolbukta aust til Nushagakbukta og den nordlege Alaskahalvøya ved Naknekelva og Egegikbukta i Alaska
- Sibirske yupikfolk, mellom anna naukan, chaplino[1] og sirenik frå Russisk fjerne austen og St. Lawrence-øya[2] i Vest-Alaska.
Ordsoge
Yup'ik kjem frå yupikordet yuk, som tyder 'person', og -pik, som tyder 'ekte'. Dermed tyder det bokstaveleg 'ekte folk.'[3]
Bruken av apostrof i namnet «yup’ik» stammar frå rettskrivinga i alaskayupik, der teiknet representer geminasjon eller forlenging av p-lyden.[4]
Folkesetnad
Yup'ik er det mest talrike av dei ulike urfolka frå Alaska. Fleirtalet av dei snakkar det eskimoisk-aleutiske språket alaskayupik. Ved folketeljinga i USA i 2002 blei det telt opp meir enn 24 000 yupikfolk i landet,[5] med over 22 000 av dei busette i Alaska. Det store fleirtalet budde i dei omlag 70 busetnadane i det tradisjonelle yup'ik-området i Vest- og Sørvest-Alaska.[6] Amerikanske folketeljingsdata omfattar også 2 355 sugpiaq, medan det bur rundt 1 700 yupikfolk i Russland.[7] Ifølgje den amerikanske folketeljinga frå 2019 er det rundt 700 urfolk frå Alaska i Seattle, mange av dei anten inuittar eller yupikfolk, og nesten 7 000 i delstaten Washington.[8][9]
Opphav
Forfedrane til yupikfolk, inuittar og aleuar, i tillegg til andre paleosibirske grupper) skal ha kome frå Aust-Sibir, og kome til området ved Beringhavet for rundt 10 000 år sidan.[10] Det verker som om det kom fleire migrasjonsbølgjer frå Sibir til Amerika via Bering-brua, som blei tilgjengeleg for mellom 20 000 og 8 000 år sidan under istider. For rundt 3 000 år sidan hadde forfedrane til yupikfolk slått seg ned i kystområde i det som i dag utgjever vestre Alaska, med migrasjonar opp kystelvene — særleg Yukon og Kuskokwim— rundt år 1400. Dei enda opp så langt oppstrøms som Paimiut ved Yukon og Crow Village ved Kuskokwim.[3]
Sibirske yupikfolk kan ha kome dit gjennom tilbakevending av folk frå Alaska til Sibir.[11]
Kultur
Tradisjonelt var familiar ved fiskeleirar om sommaren, og kom saman med andre på landsbydstader om vinteren. Mange familiar haustar framleis av dei tradisjonelle naturressursane, særleg laks og sel.
Mannshuset, qasgiq, var eit samfunnshus der ein heldt seremoniar og festivalar som kunne omfatta song, dans og forteljing. Seremoniane omfatta ein sjaman. Ein brukte særleg qasgiqen om vinteren, fordi folk reiste i familiegrupper etter matkjelder om våren, sommaren og hausten. I tillegg til seremoniar og festivalar blei qasgiqen brukt av menn til å læra gutar kunnskap om overleving, jakt og anna nyttig livserfaring. Gutar blei også lærte opp i å laga reiskapar og qayaq (kajakkar) om vinteren i qasgiqen.
Kvinnehuset, ena, låg tradisjonelt like ved sida av mannshuset. I nokre område var dei to husa knytte saman med ein tunnel. Kvinner lærte opp unge jenter i å behandla og laga mat av fisk og vilt, garva skinn og sy og veva. Gutar budde i lag med mødrene sine til dei var rundt fem år, så flytta dei over til mennene i qasgiqen.
I periodar på mellom tre og seks veker pleide gutar og jenter å byta opplæring, slk at mennene lærte jentene om overleving, jakt og reiskapsmaking medan kvinnene lærte gutane matbehandling, saum og annan kunnskap dei delte med jentene.
Tradisjonell namngjeving blant yup'ikar er at ein kallar opp nyfødde barn etter den personen i samfunnet som mest nyleg har døydd.
I gruppedansar blant yup'ikar blir ofte kvar dansar verande på ein stad medan overkroppen og armane rører seg rytmisk og gestane deira blir forsterka ved handhaldne dansevifter som liknar mykje på cherokee-dansevifter.
Kuspuk (qaspeq) er eit tradisjoelt yup'ik-plagg brukt av begge kjønn. I Alaska blir det brukt både i daglegdagse og formelle omstende.
Seloljelampen (naniq) var ein viktig del av inventaret.[12]
Språk
Fem yupikspråk er framleis utbreidde. Yupik er det nest mest utbreidde urfolksspråket i USA, med 19 750 talarar registrerte i folketeljinga i 2015.[13]
Som iñupiatfolk i Alaska tok yupikfolk både i Alaska og Sibir i brukt eit skriftsystem utvikla av misjonærar frå den moraviske kyrkja på 1760-talet på Grønland. Alaska-yupikar og iñupiatfolk er dei einaste nordlege urfolka til å ha utvikla sine eine system for biletskrift, men dette systemet døydde ut med skaparane sine.[14] Seint på 1800-talet brukte moraviske misjonærar i Sørvest-Alaska yupik i gudstenester, og omsette bibeltekstar til folkespråket.[15]
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.