Yesha (hebraisk skrift יֵשַׁע, tyder 'Frelse') er ein jordbruksmoshav sør i Israel. Han ligg i Hevel Shalom-området i Negevørkenen og høyrer til Eshkol regionale kommune. Namnet er henta frå eit bibelvers:[1] «så vi kan jubla over di frelse og lyfta banneret i vår Guds namn. Måtte Herren oppfylla alle dine bøner!» (Salmane 20:6).[2] I 2006 hadde han 200 innbyggjarar.

Kjappe fakta Land, Region ...
Yesha
יֵשַׁע
moshav
Land  Israel
Region Nordvest-Negev
Distrikt Det sørlege distriktet
Kommune Eshkol
Koordinatar 31°14′48.12″N 34°24′0.71″E
Folketal 368 (2015)
Grunnlagd 1957
   Grunnlagd av immigrantar frå Egypt
Tilhøyrsle Moshavrørsla
Thumb
Yesha i Israel
31.2467°N 34.400197222222°E / 31.2467; 34.400197222222
Thumb
Lukk

Moshaven vart grunnlagd i 1957 av jødar som vart drivne ut frå Egypt etter Suezkrisa i 1956,[3] men denne folkesetnaden flyttar etter kvart bort, og vart erstatta av andre nybyggjarar. Moshaven har fleire gonger vore utsett for åtak med Qassam-rakettar sende frå Gazastripa.

Sjå òg

  • jødisk utvandring frå arabiske land

Kjelder

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.