From Wikipedia, the free encyclopedia
William Jones (28. september 1746–27. april 1794) var ein britisk filolog som er kjend for å ha foreslått at det kunne vera slektskapar mellom mange asiatiske og europeiske språk (indoeuropeiske språk).
William Jones | |||
| |||
Fødd | 28. september 1746 Westminster, London | ||
---|---|---|---|
Død | 27. april 1794 Kolkata | ||
Nasjonalitet | Kongeriket Storbritannia, England | ||
Område | filologi, botanikk, lov og rett, politikk, litteratur, antropologi, orientalisme | ||
Yrke | antropolog, lingvist, dommar, omsetjar, lyrikar, skribent, botanikar, politikar, orientalist | ||
Alma mater | University College Harrow School | ||
Ektefelle | Anna Maria Shipley, Anna Maria Shipley | ||
Medlem | Royal Society |
Jones var fødd i Beaufort Buildings i Westminster, der faren, som òg heitte William Jones, var matematiker. Den unge William Jones var eit språkleg vedunderbarn; han lærte gresk, latin, persisk, arabisk og grunnleggjande kinesisk i ung alder. I løpet av livet lærte han 13 språk grundig og 28 ganske godt.
Sjølv om faren døydde då han var berre tre år gammal, kunne Jones likevel gå på universitetet. Han gjekk ut frå University College ved Oxford i 1764.
Dei neste seks åra tok han arbeid som huslærar og omsetjar. I løpet av desse åra gav han ut Histoire de Nader Chah, ei fransk omsetjing av eit opphavleg persisk verk, på førespurnad frå kong Kristian VII av Danmark, som hadde vitja Jones. Han hadde nemleg alt som 22-åring skaffa seg eit namn som orientalist. Dette skulle blie det første av mange verk han skreiv om Persia, Tyrkia og Midtausten generelt.
Frå 1770 studerte Jones jus i tre år. Dette gav han til karriere i Britisk India; i 1783 blei han tilsett ved høgsterett i Bengal. I India blei han begeistra for indisk kultur, og grunnla Asiatick Society of Bengal. I løpet av dei neste ti åra gav han ut ei mengd arbeid om India, og kom med det til å grunnleggja det moderne studiet av subkontinentet. Han skreiv om lokale lovar, musikk, litteratur, botanikk og geografi, og skreiv dei første engelske omsetjingane av mange viktige indiske litterære verk.
Indoeuropeiske språk: Blant alle oppdagingane hans er Jones i dag mest kjend for ha observert og skrive om likskapen sanskrit har med klassisk gresk og latin. I The Sanscrit Language (1786) foreslo han at alle dei tre språka kunne ha eit felles opphav, og at dei dessutan kunne vera vidare nærskylde med gotisk, dei keltiske språka og persisk. Ei avhandling han gav ut i 1798 blir ofte rekna som byrjinga til fagfeltet samanliknande lingvistikk og studiet av indoeuropeiske språk.
Kunstnaren John Flaxman utforma i 1801 eit minnesmerke i marmor over William Jones. Det var opphavleg meininga at monumentet skulle plasserast i domkyrkja i Calcutta, der Jones var gravlagd. Det vart likevel vedteke at minnesmerket skulle installerast i University College Chapel i Oxford, som frå før hadde to andre arbeid av Flaxman.[1]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.