From Wikipedia, the free encyclopedia
Wilkes-stasjonen var ein stasjon i Antarktis oppretta 29. januar 1957 av USA som ein av sju amerikanske stasjonar oppretta for Det internasjonale geofysiske året (IGY) i Antarktis. Han vart overteken av Australia den 7. februar 1959.
Wilkes-stasjonen | |||
stasjon | |||
Wilkes-stasjonen, 1957 | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Wilkes Land | ||
- koordinatar | 66°15′25.6″S 110°31′32.2″E | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Wilkes-stasjonen 66.2571°S 110.526°E | |||
Wikimedia Commons: Wilkes Station | |||
Marinepersonell frå USA bygde hovudddelen av Wilkes-stasjonen i løpet av 16 dagar i januar og februar 1957, og lossa 11 000 tonn med materiale og forsyningar. Det tok eit mannskap på over 100 til å reise stasjonen som husa 24 marinepersonell og forskarar dei neste 18 månadane. Dette var på tida under den kalde krigen og det var uro frå USA og Australia kring den russiske aktiviteten i Antarktis. Wilkes vart rekna som strategisk med ei plassering nær den magnetiske sørpolen.
Australia tok over Wilkes i februar 1959. Men sjølv om Australia offisielt tok over operasjonen, mislikte det attverande amerikanske personellet å kome under australsk kontroll. Ein trekte seg derfor attende fram til 1961, då stasjonen kom heilt under ANARE sin kontroll.
I 1964 hadde bygningane vorte ein brannfare på grunn av drivstofflekkasje, og stasjonen vart gravlagd i snø og is. Den nye Casey-stasjonen vart utvikla på sørsida av Newcomb Bay, kring to kilometer over bukta for Wilkes. Denne kom i drift i 1969 og Wilkes vart nedlagt.
Wilkes-stasjonen er no nesten heilt dekt av is og dukkar berre stundom opp av isen under smelteperiodar, kring kvart fjerde til femte år.
Det samla seg opp store mengder skrot og søppel ved Wilkes i dei 12 åra han var i drift, mellom anna kring 7000 oljetønner. Tidleg i 1988 starta eit prosjekt for å få rydde bort så mykje so mogeleg frå Wilkes-stasjonen.[1]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.