From Wikipedia, the free encyclopedia
WikiLeaks er ein nettstad oppretta for å publisere dokument som statsadministajonar og organisasjonar ynskjer å halde løynde, men som WikiLeaks meiner er av offentleg interesse og difor bør vere kjende for ålmenta. Ved ikkje å opplyse om kven som står bak lekkasjane, vil nettstaden verne om varslarar, aktivistar, journalistar og andre som kan vere kjelde til opplysningar.
Treng oppdatering |
WikiLeaks | |||
| |||
Type nettstad | internasjonal organisasjon, varslarplattform | ||
---|---|---|---|
Tilgjengeleg på | engelsk | ||
Grunnlagd | 4. oktober 2006 | ||
Nettstad | wikileaks |
WikiLeaks vart grunnlagt i 2006 av Julian Assange.[1] Internettrafikken vert dirigert via Belgia og Sverige, sidan desse landa har eit lovverk som sterkt vernar om trykkefridomen. Organisasjonen skal ha fem tilsette (2010), og elles ei mengd anonyme, ulønna medarbeidarar kring i verda. Verksemda vert finansiert med private anonyme gåver.
Aviser og andre media kring i verda har gjort seg nytte av opplysningar frå WikiLeaks, ofte utan å sjå på opplysningane i det kjeldekritiske ljoset som god journalistikk krev. Men det er òg semje om at mykje av det som WikiLeaks har offentlegjort, er stoff som ållmenta har krav på å kjenne til, og som difor må offentleggjerast på ansvarleg måte. Til dømes har avisa Aftenposten i Oslo og samarbeidspartnarane Bergens Tidende i Bergen og Stavanger Aftenblad i Stavanger gjort seg nytte av dei 250 000 løynde dokumenta som WikiLeaks gav Aftenposten tilgang til i desember 2010, og skrive fleire artiklar på grunnlag av den kunnskapen dei fekk om mellom anna tilhøve som hadde med Noreg og norsk riksstyring og utanrikspolitikk å gjere, som til dømes krigføringa, det militære engasjementet, i Afghanistan.
Namnet WikiLeaks er samansett av wiki, eit ord på hawaiisk språk som tyder snøgg eller kjapp, og det engelske ordet leaks, som tyder lekasjar.
WikiLeaks høyrer ikkje inn under Wikimedia.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.