Wiesław Maniak

From Wikipedia, the free encyclopedia

Wiesław Maniak
Remove ads

Wiesław Jan Maniak (22. mai 193828. juni 1982) var ein polsk friidrettsutøvar frå Lviv som deltok på sprintdistansane. Han vart europemister på 100 meter i 1966.

Kjappe fakta
Remove ads

Aktiv

Maniak deltok i dei olympiske sommarleikane 1964 i Tokyo. På 100-meteren vart han nummer fire og beste europear på tida 10,4. Han sprang òg den andre etappen for det polske laget i 4 x 100 meter stafett, eit lag som etter målfoto vann sølv på tida 39,3 sekundar. Andrzej Zieliński, Marian Foik og Marian Dudziak sprang dei hine etappane. I 1965-sesongen sette Maniak polsk rekord med eit løp på 10,1 sekundar, ein rekord som stod seg i 19 år.

Under europameisterskapen 1966 i Budapest stadfesta Maniak sitt ry som den beste sprintaren i Europa. Med 10,5 sekundar vann han gullmedaljen på same tid som dei andre medaljevinnarane, franskmennene Roger Bambuck og Claude Piquemal.

Maniak rauk rett ut or forsøka på 100-meter då Sommar-OL 1968 fann stad i Mexico-byen, og det polske stafettlaget gjorde eit heller svakt finaleløp og enda på åttande og siste plass med sine 39,22 sekundar. Også ved EM i friidrett 1971 i Helsinki rauk han ut or forsøka på 100 meter.

Maniak døydde i Kursjatov i Kursk oblast i Russland, i dåverande Sovjetunionen, der han var med å byggje eit kraftverk.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads