Wes Brown
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Wesley Michael Brown (fødd 13. oktober 1979 i Manchester) er ein engelsk tidlegare fotballspelar, fødd og oppvaksen i Manchester. Han spelte i tida 1998-2011 for Manchester United, sidan 2011-16 for Sunderland AFC. Brown, som var forsvarspelar, var med på å vinne Meisterligaen to gongar, den engelske ligaen fem gongar, FA-cupen to gongar og ligacupen ein gong.
Brown speler for Manchester United i 2011 | |||
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Wesley Michael Brown[1] | ||
Fødselsdato | 13. oktober 1979 (45 år)[2] | ||
Fødestad | Longsight i Manchester | ||
Høgd | 1,85 m[3] | ||
Posisjon | Forsvarsspelar | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar | (Mål) |
1996–2011 | Manchester United | 232 | (3) |
2011–2016 | Sunderland | 76 | (1) |
2016–2017 | Blackburn Rovers | 5 | (1) |
2017–2018 | Kerala Blasters FC | 14 | (1) |
Landslag | |||
1998–2000 | England U21 | 8 | (0) |
1999–2010 | England | 23 | (1) |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 24. februar 2018 |
185 cm høge Wes Brown fekk sin ligadebut for Manchester United 4. mai 1998, då han var innbytar mot Leeds United. Gjennombrotet kom i 1998/99-sesongen, då han fekk fleire kampar som høgreback, og som midtstoppar i spann med Jaap Stam. Sesongen kunne ikkje ha gått betre for Brown, ettersom United vann både den engelske ligaen, FA-cupen og Meisterligaen. Sommaren 1999 vart han skadd, den fyrste av det som skulle bli ei lang rekke langvarige skadar.
Ein fin 2000/01-sesong blei følgd opp av nok ein solid 2001/02-sesong. Brown spelte då så godt at han fekk plass i Englands tropp til VM 2002. Utover i 2002/03-sesongen spela han særleg godt, men atter pådrog han seg skadar som han sette han ut av spel i lang tid.
Etter 2008 vart det mindre speletid for Brown i Manchester United. Han hadde ikkje plass i fyrsteellevaren, og spela oftast sideback. Gjennom 13 år for United spela han 383 obligatoriske kampar for klubben.
Sommaren 2011 vart han overført til Sunderland AFC. Saman med John O'Shea, begge med fortid i Manchester United, danna han midtstoppar-par då Sunderland tapte ligacupfinalen 2. mars 2014 mot Manchester City med 1-3.
Brown deltok i tida 1999-2010 i 23 av Englands landskampar, kampar spreidd over heile perioden. Han debuterte 28. april 1999 i Budapest, og spelte siste gongen i landslagsdrakta på Wembley stadion 3. mai 2010. På landslaget var han høgreback, skåra sitt einaste landslagsmål då England og Tsjekkia spelte 2-2 i august 2008.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.