From Wikipedia, the free encyclopedia
Waihouelva (engelsk Waihou River) er ei elv som ligg nord på Nordøya på New Zealand. Eit tidlegare namn, Thames River, fekk elva av kaptein James Cook. Namnet «Waihou» tyder direkte omsett frå maori 'nytt vatn'.
Waihouelva | |||
elv | |||
Land | New Zealand | ||
---|---|---|---|
Waihou River 38.076°S 176.031°E | |||
Waihouelva på Nordøya
| |||
Wikimedia Commons: Waihou River | |||
Elva renn nordover i 150 km frå åsane i Mamaku Ranges, forbi byane Putaruru, Te Aroha og Paeroa, før ho renn ut i havbukta Firth of Thames heilt sør i Haurakigolfen nær byen Thames. I dei lågast liggjande partia dannar Waihou og den nærliggjande Piako-elva dei vide våtmarkene i Hauraki Plains.
Like før elva når havet, kryssar riksvegen State Highway 25 over henne på Kopu-brua, den lengste brua i landet med berre éin køyrebane, 463 m lang, og den einaste attverande svingbrua på ein riksveg på New Zealand. Brua er berykta for køane som dannar seg her av trafikken til og frå Coromandelhalvøya.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.