Würzburg
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Würzburg er ein by i Tyskland i delstaten Bayern med om lag 124 000 innbyggjarar. Han ligg i regionen Unterfranken ved elva Main.
Würzburg | |
---|---|
Byvåpen | Plassering |
Styresmakter | |
Land Delstat Regierungsbezirk Landkreis |
Tyskland Bayern Unterfranken Kreisfri by |
Først nemnd i | 704 |
Geografi | |
Flatevidd - By |
87,63 km² |
Innbyggjarar - By (2013) - folketettleik |
124 698 1 423/km² |
Koordinatar | 49°47′0″N 9°56′0″E |
Høgd over havet | 177 m |
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) CEST (UTC+2) |
Diverse annan informasjon | |
Postnummer | 97018–97084 |
Telefon-retningsnummer | 0931 |
Bilnummer | WÜ |
Heimeside: www.wuerzburg.de |
Würzburg ligg om lag 80 minuttar med tog frå Frankfurt, og nesten ein time frå Nürnberg. Via motorveg er dei næraste byane Frankfurt 115 km, Nürnberg 115 km, Stuttgart 150 km og Kassel 215 km.
Byen er ikkje ein del av landkreisen Würzburg, men er det administrativet.
Om lag år 1000 f.kr. stod det ei keltisk festning her. Staden vart kristna i 686 av den irske misjonæren Kilian, og byen vart først nemnd som Vurteburch i 704. Det første bispedømet vart grunnlagd av St. Bonifatius i 742. Han peikte ut den første biskopen av Würzburg, St. Burkhard. Biskopane oppretta etter kvart eit hertugdømet med senter i byen, som på 1100-talet strekte seg til Aust-Franken. Byen var sete for fleire Reichtagar i Det tysk-romerske riket, inkludert ein i 1180 der Henrik Løve vart bannlyst frå riket og hertugdømet hans vart gjeve til Otto av Wittelsbach.
Den første kyrkja der domkyrkja i dag står vart bygd så tidleg som i 788 og konsekrert same år av Karl den store. Den noverande bygningen vart bygd frå 1040 til 1225 i romansk stil. Universitet i Würzburg vart grunnlagd i 1402 og på ny i 1582.
Innbyggjarane i byen gjorde fleire gongar opprør mot fyrstbiskopen før dei ein gong for alle vart slått ned i 1400. Seinare var Würzburg sentrum for den tyske bondekrigen der slottet vart omleira utan hell. Av kjende fyrstbiskopar finn ein Julius Echter von Mespelbrunn (1573-1617) og medlemmar av familien Schönborn, som bestilte mange av monumenta som i dag står rundt i byen. I 1631 invaderte den svenske kongen Gustav Adolf byen og øydela slottet.
I 1720 vart fundamentet til Würzburger Residenz lagt. Byen vart ein del av Bayern i 1803, men to år seinare, under napoleonskrigane vart han sete i det kortvarige hertugdømet Würzburg. Würzburg gjekk tilbake til i 1814 og eit nytt bispedøme vart oppretta sju år seinare, sidan det førre hadde vorte sekularisert i 1802.
Under den andre verdskrigen låg det ein underavdeling av Flossenburg konsentrasjonsleir i byen. [1] 16. mars 1945 vart 90 % av byen lagt i ruinar av britisk bombetokt. Dei fleste kunstneriske høgdepunkta overlevde, medan det barokke bysentrumet vart kraftig råka. Dei neste 20 åra vart dei historisk viktige bygningane nøye rekonstruert.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.