From Wikipedia, the free encyclopedia
Vulva er dei ytre kvinnelege kjønnsorgana, altså det ein kan sjå mellom beina på ei kvinne. Området er sterkt tabubelagt i mange kulturar, der ein unngår å visa det fram eller omtala det. I andre kulturar er derimot dei synlege kvinnelege kjønnsorgana knytte til livgjeving og fruktbarheit, og kan sjåast på som kraftfylde og guddommelege.
Dei ytre kjønnsorgana til kvinna omfattar
Dei ytre delane av vulva er dekte av kjønnshår etter puberteten.
Innan fleire religionar finn ein døme på at vulva er blitt framheva i skulpturar eller framstilt for seg sjølv, gjerne i ei stilisert form. Visse former for hinduisme tilber framleis yoni, ei vulvaframstilling, som symbol på kvinneleg kraft.
Fordi vulva er eit tabuområde, er det knytt mange tabuord til kroppsdelen. Tabuet har også ført til at ein feilaktig bruker vagina, det latinske ordet for skjeden, om dei ytre kjønnsorgana.
Menneskelege kjønnsorgan |
Hos kvinna: vulva (med klitoris), kjønnslepper, vagina, eggleiarar, eggstokkar, livmor |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.