Vir

From Wikipedia, the free encyclopedia

Vir

Vir er ei øy i Adriahavet ved kysten av Kroatia, litt nord for byen Zadar. Ho er forbunde med fastlandet med ei bru. Administrativt er heile øya ein kommune med same namn i fylket Zadar.[2][3]

Kjappe fakta Geografi, Administrasjon ...
Vir
Thumb
Vir-bastionen
Geografi
Thumb
StadAdriahavet
Koordinatar44°18′N 15°05′E
ØygruppeZadar
Areal22,07 km²
Administrasjon
LandKroatia
FylkeZadar
Demografi
Folketal3 045 (2021[1])
Lukk

Turisme

Vir er kjend for at det kjem svært mange folk her om sommaren. Dette kjem av at det er bygd hundrevis av mindre og private feriehus på øya. Desse husa vart bygd på 1980-talet då den jugoslaviske regjeringa planla eit atomkraftverk på Vir, fordi ho var så aude. Dette førte til at bustadprisane på øya fall så mykje at svært mange fekk råd til å kjøpe tomt der. Atomkraftverket vart derimot ikkje bygd, og dette førte til at det vart ført opp svært mange feriehus. Ein reknar derimot med at hundrevis av desse husa må rivast igjen, fordi dei vart ført opp utan lov, og gjekk imot dei offentlege utbyggingsplanane. I 2006 peika miljøvernsdepartementet i Kroatia ut 400 slike bygningar som skal rivast. Dette har ført til ein mindre diplomatisk skandale mellom Kroatia og Ungarn, sidan mange av husa som skal rivast er eigd av ungararar.

Resten av året er Vir ein roleg stad. Infrastrukturen er svært god for å tilfredsstille sommartrafikken, og øya har eit typisk middelhavslandskap utanom dei tett folkesette områda.

Folketal

Folketalet på øya ved dei siste folketeljingane var:

Meir informasjon Folketal 2001, Folketal 2011 ...
Folketal 2001[4]Folketal 2011[5]Folketal 2021[1]
Vir kommune1 6083 0003 045
Lukk

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.