Vinnytsia

by i Ukraina From Wikipedia, the free encyclopedia

Vinnytsia

Vinnytsia (ukrainsk Ві́нниця) er ein by ved breidda av Søndre Bug, sentralt i Ukraina. Han er det administrative senteret i Vinnytsia oblast. Byen har kring 370 000 innbyggjarar.

Kjappe fakta Land, Oblast ...
Vinnytsia
Вінниця
by
Thumb
Det gamle vasstårnet i Vinnytsia (i dag eit krigsvetarnmuseum)
Thumb
Flagg
Thumb
våpen
Land  Ukraina
Oblast Vinnytsia oblast
Rajon Vinnytsia bykommune
Koordinatar 49°14′0″N 28°29′0″E
Areal 79,94 km²
Folketal 370 100
Folketettleik 4 630 / km²
Grunnlagd 1363
Borgarmeister Serhij Morhunov
Postnummer 21000-
Retningsnummer +380 43
Thumb
Vinnytsia
49.237222222222°N 28.467222222222°E / 49.237222222222; 28.467222222222
Thumb
Kart som viser Vinnytsia.
Kart som viser Vinnytsia.
Wikimedia Commons: Vinnytsia
Nettstad: www.vmr.gov.ua
Lukk

Vinnytsia har hatt fleire andre namn, som Vinnitsa (russisk Ви́нница), Vinnica (polsk Winnica), tysk Winniza og rumensk Vinniţa. Alle variantar av namnet viser til det slaviske ordet for vingard.

Geografi

Vinnytsia ligg kring 260 km frå den ukrainske hovudstaden Kiev, 429 km frå hamnebyen Odessa og 369 km frå Lviv. Gavrysjivka internasjonale lufthamn ligg i Vinnytsia og sidan slutten av andre verdskrigen har det vore ein stor sovjetisk flybase her. Det ukrainske luftforsvaret har sidan hatt base i Vinnytsia.

Klima

Vinnytsia har ein lang, varm sommar med ganske fuktig luft og ein forholdsvis kort vinter. Middeltemperaturen i januar er -5,8 °С og 18,3 °С i juli. Årsmiddelnedbøren er 638 mm.

Gjennom året er det 6-9 dagar med kraftig snøfall, 37-60 dagar med tåke, særleg om vinteren og 3-5 dagar med torevêr og hagl.

Meir informasjon Vêrdata for Vinnytsia, Jan ...
Vêrdata for Vinnytsia
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Høgast målte °C 11,6 17,3 22,3 29,4 32,2 35 37,8 36,5 31,5 28,6 19,9 15,4 37,8
Gjennomsnittleg maks °C −1,4 −0,3 5,2 13,4 20,1 22,7 24,8 24,3 18,7 12,4 4,7 −0,4 12
Døgnmiddeltemperatur °C −4,1 −3,3 1,2 8,3 14,5 17,4 19,2 18,6 13,4 7,8 1,7 −2,8 7,7
Gjennomsnittleg min °C −6,7 −6,1 −2,2 3,7 9,1 12,3 14,1 13,4 8,9 4 −0,8 −5,2 3,7
Lågast målte °C −35,5 −33,6 −24,2 −12,7 −2,8 2,5 5,2 1,5 −4,5 −11,4 −24,6 −27,2 −35,5
Gjennomsnittleg nedbør mm 29 28 30 45 50 94 83 66 64 30 37 35 591
Gns. dagar med regn 7 6 9 13 14 15 15 11 12 11 12 9 134
Gns. solskinstimar i månaden 58,9 70,6 114,7 171 248 255 266,6 260,4 195 133,3 57 40,3 1 870,8
Kjelde: Pogoda.ru.net[1]Hong Kong Observatory.[2]
Lukk

Historie

Vinnytsia har vore eit viktig handelssenter og politisk senter sidan 1300-talet, då Fedir Koriatowicz, nevøen til den litauiske hertugen Olgerd bygde ei festning (1363) her mot tatarane ved breidda av Søndre Bug. Frå den tid vart byen stadig kjempa om mellom Litauen, tatarar, Polen, Det osmanske riket (som styrte byen og regionen frå 1672 til 1699), kosakkar og til slutt Russland, som annekterte byen og regionen etter den andre delinga av Polen i 1793.

Under den stalinistiske undertrykkinga utførte russarane ein massakre i 1937-1938 og massegravene vart grave opp av dei invaderande tyskarane i 1943. Adolf Hitler la det austlegaste hovudkvarteret sitt Führerhauptquartier Varulv nær byen og var her fleire veker i 1942 og tidleg i 1943. Nazistane dreiv sine eigne massakrar i byen og eit estimat er at Einsatzgruppe D tok livet av så mange som 28 000 menneske i byen. Dette omfatta ei nær utrydding av den jødiske folkesetnaden i byen. Eit kjent bilete, Den siste jøden i Vinnytsia, syner eit medlem av Einsatzgruppe D som er i ferd med å ta livet av ein knelande jøde føre ei massegrav.[3] Teksten Den siste jøden i Vinnytsia vart skriven bakpå biletet og vart funne i fotoalbumet til ein tysk soldat.

Galleri

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.