Vidjayanagarariket (kannada ವಿಜಯನಗರ ಸಾಮ್ರಾಜ್ಯ, telugu విజయనగర సామ్రాజ్యము) var eit sørindiskrike med sentrum i Deccan-platået med territorium til Sri Lanka i sør og ei tid overherredøme over kongane i Burma i nordaust. Det blei grunnlagd av Harihara I og broren hans Bukka Raya I i 1336 som ei sørleg bolverk mot muslimske erobringar av Sør-Asia. RIket varte fram til 1646, men mista mykje makt etter eit betydeleg militærnederlag i 1565 mot Deccan-sultanata. Riket har namn etter hovudstaden Vidjayanagara ('sigerbyen'), som no ligg ved Hampi i noverande Karnataka og er rekna som ein del av verdsarva. I samtida blei riket også kalla Karnata.
Nedteikningar frå europeiske reisande som Domingo Paes, Fernao Nuniz og Niccolò Da Conti og samtidig lokal litteratur gjev viktig informasjon om Vidjayanagariket. I tillegg har arkeologiske utgravingar, særleg ved Vijayanagara, vist makta og rikdommen til riket. Arva etter Vidjayanagara omfattar fleire monument spreidd over sørlege India, dei best kjende ved Hampi. Tidlegare sørindisk byggekunst blei ført saman i ein stilart også kalla vidjayanagara. Blandinga av folk frå ulike språksamfunn og religiøse tradisjonar førte til arkitektonisk utvikling innan bygging av hindutempel, først i deccan- og seinare i dravidisk stil utført i lokal granitt.
Effektiv administrasjon og omfattande oversjøisk handel med område som Kina, Burma, Persia og Arabia førte med seg rikdom og ny teknologi som system for irrigasjon. Herskarane i rikets bidrog til at kunst og litteratur blei heva til nye høgder innan språk som kannada, telugu, tamilsk og sanskrit, medan karnatisk musikk fann si noverande form. Ved å skapa eit sameint hindurike makta Vidjayanagarariket å skapa ei eining i Sør-India som overvann regionalisme for ei tid.
Dallapiccola, Anna L. (2001). «Relief carvings on the great platform». I John M. Fritz and George Michell (editors). New Light on Hampi: Recent Research at Vijayanagara. Mumbai: MARG. ISBN81-85026-53-X.
Davison-Jenkins, Dominic J. (2001). «Hydraulic works». I John M. Fritz and George Michell (editors). New Light on Hampi: Recent Research at Vijayanagara. Mumbai: MARG. ISBN81-85026-53-X.
Eaton, Richard M. (2006). A social history of the Deccan, 1300–1761: eight Indian lives. Cambridge: Cambridge University Press. ISBN978-0521716277.
Hampi travel guide (2003). New Delhi: Good Earth publication & Department of Tourism, India. ISBN 81-87780-17-7.
Fritz, John M. and George Michell (editors) (2001). New Light on Hampi: Recent Research at Vijayanagar. Mumbai: MARG. ISBN81-85026-53-X.
Kamath, Suryanath U. (2001) [1980]. A concise history of Karnataka: from pre-historic times to the present. Bangalore: Jupiter books. LCCN80905179. OCLC7796041.
Karmarkar, A.P. (1947) [1947]. Cultural history of Karnataka: ancient and medieval. Dharwad: Karnataka Vidyavardhaka Sangha. OCLC8221605.
Kulke and Rothermund, Hermann and Dietmar (2004) [2004]. A History of India. Routledge (4th edition). ISBN0-415-32919-1.
Mack, Alexandra (2001). «The temple district of Vitthalapura». I John M. Fritz and George Michell (editors). New Light on Hampi: Recent Research at Vijayanagara. Mumbai: MARG. ISBN81-85026-53-X.
Nilakanta Sastri, K.A. (2002) [1955]. A history of South India from prehistoric times to the fall of Vijayanagar. New Delhi: Indian Branch, Oxford University Press. ISBN0-19-560686-8.
Philon, Helen (2001). «Plaster decoration on Sultanate-styled courtly buildings». I John M. Fritz and George Michell (editors). New Light on Hampi: Recent Research at Vijayanagara. Mumbai: MARG. ISBN81-85026-53-X.
Ramesh, K. V. «Introduction». South Indian Inscription, Volume 16: Telugu Inscriptions from Vijayanagar Dynasty. New Delhi: Archaeological Survey of India. Henta 31. desember 2006.[daud lenkje]
Shiva Prakash, H.S. (1997). «Kannada». I Ayyappapanicker. Medieval Indian Literature:An Anthology. Sahitya Akademi. ISBN81-260-0365-0.
Rice, B.L. (2001) [1897]. Mysore Gazatteer Compiled for Government-vol 1. New Delhi, Madras: Asian Educational Services. ISBN81-206-0977-8.
Verghese, Anila (2001). «Memorial stones». I John M. Fritz and George Michell (editors). New Light on Hampi: Recent Research at Vijayanagara. Mumbai: MARG. ISBN81-85026-53-X.
Thapar, Romila (2003) [2003]. The Penguin History of Early India. New Delhi: Penguin Books. ISBN0-14-302989-4.
Michell, George (editor) (2008). Vijayanagara: Splendour in Ruins. Ahmedabad: Mapin Publishing and The Alkazi Collection of Photography. ISBN978-81-89995-03-4.
Nagaraj, D.R. (2003). «Tensions in Kannada Literary Culture». I Sheldon Pollock. Literary Cultures in History: Reconstructions from South Asia. Berkeley and Los Angeles: University of California. ISBN0-520-22821-9.
Asher & Talbot, Catherine & Cynthia (2006). «Creation of Pan South Indian Culture». India Before Europe. Cambridge: Cambridge University Press. ISBN9780521005395.