kommune i Nordland From Wikipedia, the free encyclopedia
Vevelstad er ein kommune på Helgeland i Nordland fylke. Han grensar mot Alstahaug kommune i nord, Vefsn kommune i aust, Brønnøy kommune i sør og mot Vega kommune over havet i vest. Næringsvegane er hovudsakleg jordbruk, fiske, fiskeforedling og treforedling. Kystriksvegen går gjennom kommunen.
Vevelstad kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Nordland | ||
Adm.senter | Vevelstad | ||
Areal | 539 km² | ||
• land | 518 km² | ||
• vatn | 21 km² | ||
Folketal | 480 (1. januar 2024) | ||
Målform | bokmål | ||
Ordførar | Sivert Vevelstad (Ap) | ||
Kommunenr. | 1816 | ||
Vevelstad 65.668333333333°N 12.518611111111°E | |||
Kart som viser Vevelstad kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Vevelstad | |||
Nettstad: www.vevelstad.kommune.no | |||
Kommunen er djupt gjennomskoren av Vistenfjorden, som er rekna for den reinaste i Noreg. Det meste av arealet i kommunen er fastland, men han har òg nokre øyar, med Hamnøya som den største. Den høgaste toppen i kommunen er Vistkjerringa på grensa mot Vefsn.[1] Rundt 50 % av kommunen er verna som Lomsdal/Visten Nasjonalpark.[2]
I 2023 hadde kommunen rundt 480 innbyggjarar. Den største busetnaden i kommunen er Vevelstad, som også huser kommunesenteret. Hamnøya i vest har rundt 20 fastbuande. Ved Vistenfjorden i nord er bygdene Stokkasjøen og Visthus, som har rundt 50 fastbuande. Heilt inne i Vistenfjorden bur det fastbuande både i Kilvågen, på Bønå og på Aursletta.[2]
Helleristninger i Vistnesdalen viser at det har budd folk i området sidan steinalderen.
Vevelstad var deltakar i Skulpturlandskap Nordland med skulpturen Opus for himmel og jord av Oddvar I.N. Daren.
Vevelstad Bygdetun er ein del av Helgeland Museum.
Kommunevåpenet til Vevelstad er blått med tre flytande omvende sparrar i sølv eller kvitt. Det blei utforma av Odd P. Olsen og vedtatt brukt av kommunestyret 6. mai 1992, med godkjenning frå statsrådet 13. november same året.[2]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.