From Wikipedia, the free encyclopedia
Verkland er ei grend i Gulen kommune i Vestland. Ho ligg øvst i dalen som fører opp frå austenden av Yndesdalsvatnet. Fv2 går gjennom bygda.
Verkland | |||
stad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Gulen | ||
Postnummer | 5961 BREKKE[1] | ||
Preposisjon | på Verkland | ||
Ferdselsårer | Fv2[2] | ||
Verkland 60.95888889°N 5.42361111°E |
Matrikkelgarden Verkland er slektsgarden til Wergeland-slekta. I 1975 vart det reist ein bauta på Verkland til minne om Henrik Wergeland.[3]
Basert på førstelekken kan namnet ifølgje Oluf Rygh tyde «Land, hvorpaa der er lagt meget arbeide»[4]. I si utgreiing under avdukinga av Wergeland-bautaen nemnde Hans Wergeland at viss ein ser namnet i samanheng med to andre stadnamn på garden, Smedsdalen og Ulsterhaugen («ulster» = «blåster» eller «trekk») kan førstelekken «verk» ha samanheng med utvinning av jarn, noko som igjen kan tyde på at det i tidlegare tider har vore drive utvinning og tilverking av jarn på Verkland.[3]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.