Verbal
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Verbal er ei nemning på eit setningsledd. Verbalet er som einaste obligatoriske ledd i ei setning, det viktigaste setningsleddet. Verbalet fortel kva slags handling som vert skildra i setninga, i tillegg til å tidfeste handlinga. Setningsleddet verbal er sett saman av verb.
I norsk kan verbalet enten vera enkelt eller sett saman av fleire verb:
Når verbalet er enkelt, står verbet i presens, preteritum eller imperativ. Desse verbformene gir verbal med finitt form. Når verbalet er sett saman av fleire verb, står eit av verba i finitt form, medan dei andre verba står i infinitt form. Verbet i finitt form er da ofte et hjelpeverb (modalt eller vanlig).
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.