Vera Nikolić
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Vera Nikolić[lower-alpha 1] (23. september 1948–27. juni 2021) var ein serbisk mellomdistansløpar som vart europameister for Jugoslavia på 800 m både i 1966 og 1971.
Vera Nikolić | |
Statsborgarskap | Jugoslavia, Serbia og Montenegro, Serbia |
Fødd | 23. september 1948 Grabovica, Despotovac |
Død | 27. juni 2021 (72 år) Beograd |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 1972 |
Knapt 18 år gammal vann Nikolić 800 meter under EM i friidrett 1966 i Budapest på tida 2.02,8. Ho var då den yngste europameisteren i friidrett nokon gong, fyrst 20 år seinare vart denne prestasjonen kopiert av ein yngre utøvar. Den 20. juli 1968 sette Nikolić verdsrekord på 800 m i London då ho vart klokka inn på tida 2.00,5. Rekorden stod i tre år, til dess vesttyske Hildegard Falck vart den fyrste kvinna under to minuttar på 800 m.
I europameisterskapen 1969 i Aten fekk Nikolić bronsemedaljen, slått på målstreken av sølvvinnaren Anneliese Damm Olsen frå Danmark, medan Lillian Board frå Storbritannia vann ein klar siger. Derimot lukkast ho å ta eit nytt EM-gull under friidretts-EM 1971 i Helsingfors, i suveren majestet sprang ho i mål på tida 2.00,0. Seinare i 1971-sesongen vann ho både 800 m og 1500 m under Mellomhavsleikane i Izmir.
Under dei olympiske leikane i München i 1972 kom Nikolić på femteplass på 800 meter med tida 1.59,98.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.