Vegard, òg skrive Vegar, er eit mannsnamn avleidd av norrønt Végardr. Det er sett saman av ve-, som tyder heim eller heilag stad, og -gard, som tyder gjerde eller vern. Andre skrivemåtar for namnet er Wegard og Vigar.
Vegard er eit vanleg namn i Noreg, men er lite brukt ellers i verda. Vegard var blant dei mest brukte gutenamna for barn fødde på 1980- og 1990-talet, deretter har bruken gått mykje ned. I 2009 var det 7 692 norske menn som heitte Vegard og 1 475 som heitte Vegar.
- Vegard Sletten (1907-1984), norsk redaktør og forfattar
- Vegard Vigerust (f. 1925), norsk forfattar
- Vegard Ulvang (f. 1963), norsk skilaupar
- Vegard Opaas (f. 1962), norsk skihoppar
- Wegard Harsvik (f. 1967), norsk politikar
- Vegard Heggem (f. 1975), norsk fotballspelar
- Vegard Sannes (f. 1976), norsk fotballspelar
- Vegard Austli Kjøsnes (f. 1981), norsk musikar
- Vegard Skjerve (f. 1988), norsk fotballspelar
- Denne artikkelen bygger på «Vegard» frå Wikipedia på bokmål, den 29. mars 2009.
- Søk etter norsk namnestatistikk for Vegard hjå Statistisk Sentralbyrå
- Søk etter norsk namnestatistikk for Vegard hjå Statistisk Sentralbyrå
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.