Vanitas
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Vanitas (frå latin, 'det forgjengelege') er eit kristent inspirert motiv eller tema i målarkunst, skulptur og skjønnlitteratur som legg vekt på å minne tilskodaren om å ta omsyn til at livet her på jorda er forgjengeleg, og alle difor må leve slik det høver seg når ein ser alt i eit vidare perspektiv. Ordet vanitas skriv seg frå innleiinga til Forkynnaren (Preikaren) (1:2) i Det gamle testamentet i Bibelen, der det i den latinske vulgata-omsetjinga heiter «Vanitas vanitatum omnia vanitas», 'det forgjengelege ved forgjengelegdomen', som sikter til alt det tomme, fåfengte og forgjengelege i den jordiska verda.
I biletkunsten vert dette temaet som oftast symbolisert ved stillebenoppstillingar av daudingskallar, daude dyr, visne blomar, ljos som nesten er brunne ned, lamper som har slokna, ur (som har stoppa), timeglas som har runne ut eller er i ferd med renne ut, visna blomar eller skrøpelege og forgjengelege gjenstandar som glas, porselen, såpebobler, nøtter, frukt, fisk ogliknande.[1] Dei kan også innehalda element som dance macabre (daudingdans) og liknande. Slike symbol vert i mange høve kombinert med framstillingar av levande unge kvinner eller menn, slik at kontrasten mellom det levande og blømande og det daude og forgjengelege vert framheva.
Vanitas var eit sentralt motiv i biletkunsten på 1600-talet, og var særleg populært i Nederlanda.[1]
I skjønnlitteraturen kan ein visa til vanitas ved hjelp av symbol, som hovudskallen i Hamlet av William Shakespeare, eller det kan vera bodskapen i ei forteljing, som i Vanity Fair av William Thackeray.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.