From Wikipedia, the free encyclopedia
Valparaíso er den lovgjevande hovudstaden i Chile, sjølv om Santiago er den offisielle hovudstaden. Valparaíso ligg midt i Chile ved stillehavskysten, om lag 12 mil nordvest for Santiago.
Valparaíso | |||
by | |||
Land | Chile | ||
---|---|---|---|
Region | Valparaíso-regionen | ||
Provins | Valparaíso-provinsen | ||
Areal | 401,6 km² | ||
Folketal | 978 851 (2003) | ||
Tidssone | UTC -4 (UTC4) | ||
Valparaíso 33.046111111111°S 71.619722222222°W | |||
Wikimedia Commons: Valparaíso | |||
Nettstad: https://www.municipalidaddevalparaiso.cl/ | |||
Valparaíso vart grunnlagt av spanjolane i 1536, og han fekk namn etter den spanske landsbyen Valparaíso de Arriba. Under kolonitida, auka ikkje byen svært mykje i omfang, men etter at Chile vart uavhengig frå Spania i 1818, vart Valparaíso den viktigaste hamnebyen, brukt av både den chilenske marinen og internasjonal handel. Skip som kom langvegsfrå stoppa her, og byen fekk på den måten mange nye europeiske innvandrarar. Desse endra kulturen i byen frå den opphavlege spanske, både innan utdanning, fritid og arkitektur.
Seinare har han vorte plyndra av piratar, han vart bombardert av spanjolane i 1866, og han har gjentekne gonger vorte skadd av jordskjelv, særleg i 1906, då 3000 menneske omkom, men også i 1730, 1960, 1971, 1985 og 2008. Byen vart seinast råka av jordskjelvet i Chile i 2010.
Då Panamakanalen opna i 1914, enda gullalderen til Valparaíso som sjøfartsby. Men dei siste tiåra har skipstrafikken auka att på grunn av frukteksport, og pga skip som ikkje er panamax, dvs. er for store for Panamakanalen. Byen er framleis den viktigaste hamnebyen i Chile.
I tillegg til å vera ein viktig hamneby er Valparaíso den viktigaste handelsbyen og industribyen i landet. Han eksporterer m.a. vin, kopar og frukt. Her finst store mekaniske verkstader, tekstilfabrikkar, lêrfabrikkar og møbelfabrikkar. Byen satsar sterkt på turisme, og om lag 50 store cruiseskip stansar i Valparaíso i løpet av sommaren.
Valparaíso hamna på UNESCO si verdsarvliste i 2003. Den viktigaste grunnen til dette er det historiske kvarteret i byen, som har ei rik kulturell arv. Her finst også eit friluftsmuseum, katolsk universitet frå 1928, teknisk universitet, sjøkrigsskule og andre høgskular. Valparaíso har også mange gamle kabelbanar som framleis er i bruk. I Valparaíso står også minnesmerke for den fyrste presidenten i Chile, Manuel Blanco Encalada og admiral Thomas Cochrane.
Rett nord for byen ligg badestaden Viña del Mar.
I tillegg til kabelbanane skjer transporten i byen ved hjelp av bussar og trolleybussar. Eit nytt metrosystem frå 2005 oppdaterte jernbanenettverket i landet og knyt byen saman med Santiago og andre byar.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.