From Wikipedia, the free encyclopedia
Valentina Nikolajevna Tikhomirova, fødd Lomkina, (fødd 28. juni 1941) er ein tidlegare friidrettsutøvar frå Makhatsjkala i Dagestan i dåverande Sovjetunionen, no til dags i Russland. Ho vart europameister i femkamp i 1966.
Valentina Tikhomirova | |
Statsborgarskap | Sovjetunionen, Russland |
Fødd | 28. juni 1941 (83 år) Makhatsjkala |
Yrke | hekkeløpar, femkjemper |
Språk | russisk |
Høgd | 173 centimeter |
Tikhomirova vart nummer tre i femkampen ved Sovjet-meisterskapen 1966. Sidan dei to andre medaljevinnarane, Irina Press og Tatjana Sjtsjelkanova, boikotta EM i friidrett 1966 i protest mot kjønnstesting, låg vegen meir open for Tikhomirova. Etter eit tett oppgjer med vesttyske Heide Rosendahl vann ho gullmedaljen med 4 787 poeng, 22 fleire enn Rosendahl.
Tikhomirova vart sovjetmeister i femkamp i 1967, 1969 og 1972. Både under Sommar-OL 1968 og friidretts-EM 1969 enda ho på fjerdeplassen i femkamp, medan ho i EM i friidrett 1971 og ved sommarleikane 1972 vart nummer fem.
Sin beste femkamp presterte Tikomirova i 1971-sesongen med 5 234 poeng etter dåverande poengtabell.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.