From Wikipedia, the free encyclopedia
Val McDermid (fødd 4. juni 1955) er ein skotsk forfattar.
Val McDermid | |
Statsborgarskap | Storbritannia |
Fødd | 4. juni 1955 (69 år) Kirkcaldy |
Yrke | skribent, romanforfattar, journalist |
Medlem av | Fellow of the Royal Society of Edinburgh, Fellow of the Royal Society of Literature |
Ektefelle | Joanne Patricia Sharp |
Val McDermid på Commons |
McDermid blei fødd i Kirkcaldy. Ho studerte engelsk ved St Hilda's College i Oxford,[1] der ho var den fyrste eleven frå ein statleg skule i Skottland til å koma inn.[2] Ved St. Hilda's College blei ho president for Junior Common Room. Etter eksamen arbeidde ho som journalist i 14 år før ho blei forfattar på heiltid.
I 1987 kom den fyrste bestseljaren hennar, kriminalromanen Report for Murder: The First Lindsay Gordon Mystery.[3]
Ho var med på å skipa Harrogate Crime Writing Festival og Theakston's Old Peculier Crime Novel of the Year Award, som er del av Harrogate International Festivals.
I 2010 blei ho løna med den høgaste utmerkinga til britiske Crime Writers' Associations, Cartier Diamond Dagger, for eit livslangt kriminallitterært forfattarskap av særs høg kvalitet.
Dei fleste krimbøkene til McDermid høyrer heime i ein av tre seriar med ulike hovudpersonar:
Norsk tittel | Utgitt | Originaltittel | Utgitt |
Retterstedet | 2000 | A Place of Execution | 1999 |
Sirenenes sang | 2000 | The Mermaids Singing | 1995 |
Mord etter boken | 2001 | Killing the Shadows | 2000 |
Siste fristelse | 2002 | The Last Temptation | 2002 |
Arr på sjelen | 2003 | The Wire in the Blood | 1997 |
Ekko i det fjerne | 2004 | The Distant Echo | 2003 |
Andres nød | 2005 | The Torment of Others | 2004 |
Gravmerket | 2006 | The Grave Tattoo | 2005 |
Under blødende hender | 2008 | Beneath the Bleeding | 2007 |
Som sunket i jorden | 2009 | A Darker Domain | 2008 |
I blodets grep | 2010 | Fever of the Bone | 2009 |
Skyggespill | 2011 | Trick of the Dark | 2010 |
Hevnen | 2012 | The Retribution | 2011 |
Forsvinningspunktet | 2013 | The Vanishing Point | 2012 |
På en brennende bro | 2014 | Cross and Burn | 2013 |
Knusende stillhet | 2016 | Splinter the Silence | 2015 |
Under overflaten | 2017 | Out of Bounds | 2016 |
Brennende hat | 2018 | Insidious Intent | 2017 |
Myrgraven | 2019 | Broken Ground | 2018 |
Dødes tale | 2020 | How the Dead Speak | 2019 |
Bøkene om Tony Hill har vore inspirasjonskjelda til TV-serien Wire in The Blood, Arr i Sjelen på norsk (TV2). Serien er produsert av Coastal Productions, etablert i 1997 av Sandra Jobling og Robson Green. Green speler òg rolla som Tony Hill i serien.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.