Vaktelegg
From Wikipedia, the free encyclopedia
Vaktelegg er egg frå vaktlar. Egga er rundt ein femtedel so store som hønseegg. Dei blir brukte til matlaging i ulike kulturar. Nokre stader er dei rekna som ein delikatesse, andre stader som meir kvardagsleg mat.

Foto: Markus Nolf
Innan japansk matlaging blir egga ofte nytta i bentoboksar. Dei kan også brukast til sushi. I Sør-Korea blir store mengder hardkokte vaktelegg selde i matbutikkar for ein rimeleg penge. I Vietnam blir liknande posar kokte egg selde på gata som ølsnacks.[1] Små pakkar hardkokte egg blir også selde som snacks i Indonesia, der ein også finn egga på grillspyd som satay som tilbehøyr til rettar som soto og bubur ayam. På Filippinane er kwek-kwek ein vanleg gaterett laga av blautkokte egg dyppa i ei oransje røre, sett på spyd og frityrsteikt.
I Brasil, Colombia, Ecuador og Venezuela er det vanleg å festa eit enkelt hardkokt vaktelegg på toppen av ei pylse i brød eller ein hamburger, ofte med ei tannstikke.
Galleri
- Sylta og røykte vaktelegg på restauranten Noma i København
- Rå vakteleggplomme servert over bitar av maguro (tunfisk) på ein sushirestaurant i Naugatuck
- Grillspyd med vaktelegg og kyllinginnvolar som satay i Indonesia
- Potet-galette servert med vaktelegg.
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.