From Wikipedia, the free encyclopedia
Uzana (Узана) er ein feriestad i Bulgaria. Han ligg ved foten av Ispolin, 1420 moh., nær Bulgarka naturpark i Balkanfjella.[1] Staden omfattar store enger omgjevne av skog. Høgda varierer frå 1220 til 1350 m. Den næraste større byen er Gabrovo, kring 22 km unna. Uzana har kring 15 hotell, og har høve for turistar heile året.
Uzana | |||
stad | |||
Land | Bulgaria | ||
---|---|---|---|
Provins | Gabrovo | ||
Del av | 100 Tourist Sites of Bulgaria | ||
Uzana 42.7583°N 25.2372°E | |||
Wikimedia Commons: Uzana | |||
Området rundt Uzana er eigna for å utforska grotter, gå på ski[1] og klatra i fjell. Ein kan også driva kulturturisme i regionen. I det etnografiske museet Etara i nærleiken kan folk læra meir om bulgarsk handverk. Sokolski-klosteret ligg nokre få kilometer unna Uzana.[1]
Turismen i Uzana-regionen tok til i 1937, då den fyrste hytta, som òg heiter Uzana, blei bygd på sørsida av enga.
Uzana huser sjeldne blomsterartar som er inkludert i raudlista av truga artar.[1]
Det er utgangspunktet til mange fjellruter og toppane Sjipka og Buzludzja.[1]
Uzana er òg rekna som det geografiske sentrumet til Bulgaria.[2] Punktet som markerer det geografiske sentrumet blei opna i desember 1991 av den dåverande bulgarske presidenten dr. Zjelio Zjelev.[3]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.