From Wikipedia, the free encyclopedia
Upton Beall Sinclair (20. september 1878–25. november 1968) var ein amerikansk forfattar som skreiv over 90 bøkar i mange sjangrar og oppnådde betydeleg popularitet på fyrste halvdel av 1900-talet.
Upton Sinclair | |
Pseudonym | Clarke Fitch, Arthur Stirling, Frederick Garrison |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 20. september 1878 Baltimore |
Død |
25. november 1968 (90 år) |
Yrke | journalist, romanforfattar, filmprodusent, skribent, kommentator, klinisk ernæringsfysiolog, politikar, lyrikar, skodespelforfattar |
Politisk parti | Socialist Party of America, Det demokratiske partiet i USA |
Medlem av | American Academy of Arts and Letters |
Far | Upton Beall Sinclair |
Mor | Priscilla Augusta Harden |
Upton Sinclair på Commons |
Sinclair slo igjennom i 1906 med romanen The Jungle,[1] der han tematiserte utfordringar fattige immigrantar møtte i Chicago, særleg innan slakteri-industrien som då dominerte byen. Boka gjev ei skakande skildring av farlege og uhygieniske arbeidshøve i dei store slakteria.
The Jungle hadde stor påverknadskraft. Sinclair ville i hovudsak setja fokus på dei dårlege kåra til den fattige arbeidarklassa. Derimot var det ikkje der boka hadde effekt, men som inspirator for ei gransking av kjøtindustrien, som igjen førte til at det vart vedteke fleire lóvar som skulle sikra betre kjøtkontroll og mathygiene.
Sinclair skreiv mange andre romanar, mange med sterk politisk sprengkraft, blant anna Boston, ei kritisk skildring av rettssaka mot anarkistane Sacco og Vanzetti.
Dei politiske synspunkta til Sinclaur førte etterkvart til at han vart boikotta av dei store forlaga, og i mange år måtte han gje ut sina bøker på eige forlag og distribuera dei via postordre og gjennom eigne kommisjonærar.
Det største verket hans var romanserien om Lanny Budd som kom ut under og etter andre verdskrigen. Det skildrar den politiske utviklinga i Europa og USA.
Sinclair vart tildelt Pulitzerprisen i 1943.
Sinclair var aktiv sosialist, og i 1934 organiserte han ei brei folkerørsle, EPIC (End Poverty in California), som vann kontroll over det demokratiske partiapparatet i California.[1]
Han stilte som kandidat for sosialistpartiet ved kongressvala i 1920 og 1922, utan å oppnå noko mandat. I 1934 var han kandidat til delstatsguvernør i California for Det demokratiske partiet.
Sinclair var interessert i parapsykologi og gjennomførte ei rekkje eksperiment der han hevda å ha påvist slike fenomen som telepati og levitasjon. Eksperimenta er skildra blant anna i boka Mental Radio (1930).
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.