From Wikipedia, the free encyclopedia
48°50′54″N 2°20′39″E Université Panthéon-Assas (offisielt Paris-II[1]) er eit universitet i Paris. Det blei skipa etter ei universitetsreform den 1. januar 1971. Universitetet har rundt 19 000 studentar, der i underkant av 15 000 studerer juridiske fag, og ein fagleg og administrativ stab på 2 412.[2]
Université Panthéon-Assas | |||
| |||
| |||
Grunnlagt | 1971 | ||
---|---|---|---|
Stad | Paris | ||
Studentar | 16 221 (september 2016), 14 490 (2008), 15 223 (2010), 17 492 (2019), 17 687 (2020), 15 804 (2013), 16 592 (2015), 16 989 (2016), 16 221 (2017), 15 371 (2012), 16 526 (2014), 16 681 (2018), 19 018 (2021), 15 637 (2007), 14 499 (2009), 15 602 (2011) | ||
Nettstad | https://www.assas-universite.fr (fransk, engelsk) | ||
Erstattar | Universitetet i Paris |
Namnet «Panthéon-Assas» kjem av at Panthéon ligg like i nærleiken av universitetet og at hovudbygget ligg i rue d'Assas. Universitetet ligg vest for Jardin du Luxembourg. Det klassiske studentkvarteret i byen, Quartier latin, er ikkje langt unna.
Universitetet er rekna som ein etterfølgjarinstitusjon etter det gamle Universitetet i Paris, meir spesifikt det juridiske fakultetet der.
I tillegg til jus og økonomiske studium blir det også undervist i administrasjonsfag, politikk og samfunnsvitskap.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.