From Wikipedia, the free encyclopedia
University of Chicago er eit privat forskingsbasert universitet i Chicago i Illinois. Lærestaden har òg campusar i London, Paris og Singapore. Universitetet var i 2008 på åttande plass globalt på Times si liste over dei beste universiteta i verda.[1]
University of Chicago | |||
| |||
| |||
Motto | crescat scientia vita excolatur | ||
---|---|---|---|
Grunnlagt | 1890 | ||
Type | privat | ||
Stad | Chicago | ||
Studentar | 15 000 | ||
Tilsette | 2 350 | ||
Medlemskap | arXiv, Center for Research Libraries | ||
Nettstad | https://uchicago.edu (engelsk) |
Universitetet har siden det vart grunnlagt av John D. Rockefeller i 1890 utmerkt seg som ein av dei fremste forskingsinstitusjonane i verda, og berre Cambridge har fostra fleire nobelpris-vinnarar enn University of Chicago.
I 1894 – 1904 var John Dewey tilsett ved University of Chicago der han forma tankane sine i ein empirisk teori om pragmatisme. Universitetet var ein sentral institusjon i utviklinga av atombomba under andre verdskrigen. Den italienske fysikaren Enrico Fermi deltok i Manhattanprosjektet og var tilsett ved universitetet. Arkeologen James Henry Breasted utvikla amerikansk egyptologi og studiar av Midtausten i oldtida ved University of Chicago frå 1894.
Forskarar frå universitetet har dominert samfunnsøkonomisk vitskap, med professorar som Milton Friedman, Gary Becker og George Stigler.
Skulane ved University of Chicago er:
Graduate School of Business oppnår ekstremt høge rangeringar fagleg, som regel blant dei to-tre høgaste blant business-skular i USA. Forskarar og forelesarar her omfattar nobelprisvinnarar som Milton Friedman, Gary Becker, Robert Fogel, George Stigler og Myron Scholes. Tidlegare studentar omfattar Oracle-gründer Larry Ellison.
Blant tidlegare studentar ved Law School finn me dei tidlegare justisministrane John Ashcroft og Ramsey Clark og James B. Comey, medan president Barack Obama har forelese her i fleire år. School of Social Service Administration vert òg rangert heilt i toppen blant amerikanske universitet innan utdanning av sosialarbeidarar.
Skulepengane ved University of Chicago var US$ 34 005 i 2006, eit nivå som låg over semesteravgifta ved t.d. Harvard University.
Yerkes-observatoriet i Wisconsin har det største refraktor-teleskopet i verda.
Biblioteka ved University of Chicago har 7,364 millionar titlar, som gjer det til det syttande største biblioteket i USA (2006).[2]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.