Union er det trettande studioalbumet frå progressiv rock-banda Yes, utgjeve i april 1991. Intensjonen var ei samanslåing av Yes-delen med Chris Squire, Trevor Rabin, Tony Kaye og Alan White med Yes-delen som bestod av Jon Anderson, Bill Bruford, Rick Wakeman og Steve Howe som spelte saman som Anderson Bruford Wakeman Howe (ABWH). Dette skulle vise seg å bli vanskeleg, og det ber albumet preg av. Det var umogleg å samle alle medlemmane i same studio på same tid, og difor vart albumet spelt inn med «klippe og lime»-metoden. Yes-medlemmane leverte inn bidraga sine per post, og produsent Jonathan Elias fekk så hovudoppgåva å setje dette saman. Han henta òg inn ein heil del med studiomusikerar for å ferdigstille albumet.
Union av Yes Studioalbum av Yes med ABWH | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 30. april 1991 | |
Innspelt | 1989–1991 | |
Studio | Forskjellige stader
| |
Sjanger | Progressiv rock | |
Lengd | 59:50 (LP) 65:23 (internasjonal CD) 69:52 (Europa, Japan) | |
Selskap | Arista | |
Produsent |
| |
Yes med ABWH-kronologi | ||
---|---|---|
Big Generator (1987) |
Union av Yes | Yesyears (1991)
|
Singlar frå Union | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Rolling Stone | [2] |
Albumet kom på 15. plass på Billboard 200 i USA, og på sjuandeplass på UK Albums Chart i Storbritannia.[3]
Bakgrunn
Både ABWH og Yes var i gang med innspeling av nytt material då plateselskapet forlangte større blest rundt Yes-namnet. Chris Squire kontakta Jon Anderson for å diskutere kva som kunne blir gjort, og ideen om å slå saman dei to banda til éit stort «mega-Yes» på åtte personar dukka snart opp. Det skulle bli ein vanskeleg prosess å få prosjektet i hamn, og sluttresultatet vart ikkje like godt motteke av musikarane. Rick Wakeman har sagt utalde gonger at han hatar albumet, og Steve Howe er nesten like misnøgt. Bill Bruford følte han var vorte lurt med inn i Yes igjen, og ville heller fortsetje innspelinga av eit reint ABWH-album (med arbeidstittel Dialogue).
Hovudprodusent Jonathan Elias har vorte kraftig kritisert for at han hyra inn så mange studiomusikarar, men i ettertid er det lett å forstå at det var naudsynt for i det heile å få ferdigstilt albumet. Førestillinga om åtte glade musikarar som samarbeider om eit meisterverk var berre ei førestilling. I realiteten var samarbeidt avgrensa til at det er Jon Anderson som er vokalist på alle spor, og dessutan at Chris Squire syng bakgrunnsvokal på eit par av «ABWH»-låtane.
Sjølv om Union fekk negative kritikkar og selde dårleg, vart det påfølgjande «storband»-turneen ein kjempesuksess som gav mange voner om store ting i framtida. Dette er det første Yes-albumet Billy Sherwood er involvert i, som produsent og studiomusikar. Han skulle seinare bli med i bandet som fulltidsmedlem ein kort periode. Etter at Union-turneen var over slutta Wakeman, Bruford og Howe, og dette er det siste Yes-albumet der Bruford medverkar. Howe og Wakeman returnerte til bandet i 1996. I januar 2011 vart Union Live, med opptak frå konsertar under Union-turneen, gjeve ut på CD og DVD.
Sporliste
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «I Would Have Waited Forever» | Anderson, Howe, Elias | 6:32 |
2. | «Shock to the System» | Anderson, Howe, Elias | 5:09 |
3. | «Masquerade» | Howe | 2:17 |
4. | «Lift Me Up» | Rabin, Squire | 6:30 |
5. | «Medout Hope You Cannot Start the Day» | Anderson, Elias | 5:18 |
6. | «Saving My Heart» | Rabin | 4:41 |
7. | «Miracle of Life» | Rabin, Mancina | 7:30 |
8. | «Silent Talking» | Anderson, Howe, Wakeman, Bruford, Elias | 4:00 |
9. | «The More We Live - Let Go» | Squire, Billy Sherwood | 4:51 |
10. | «Angkor Wat» | Anderson, Wakeman, Elias | 5:23 |
11. | «Dangerous (Look in the Light of What You're Searching For)» | Anderson, Elias | 3:36 |
12. | «Holding On» | Anderson, Elias, Howe | 5:24 |
13. | «Evensong» | Levin, Bruford | 0:52 |
14. | «Take the Water to the Mountain» | Anderson | 3:10 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
15. | «Give & Take» | Anderson, Howe, Elias | 4:29 |
Medverkande
Hovedmusikarar
YES
- Jon Anderson – vokal
- Chris Squire – bass, vokal
- Trevor Rabin – gitar, vokal
- Tony Kaye – keyboard, vokal
- Alan White – trommer, vokal
ABWH
- Jon Anderson – vokal
- Bill Bruford – trommer
- Rick Wakeman – keyboard
- Steve Howe – gitar, vokal
Studiomusikarar
- Jonathan Elias – synthesizer, keyboard, vokal
- Tony Levin – bass
- Jimmy Haun – gitar
- Billy Sherwood – bass, gitar, keyboard, vokal
- Allan Schwartzberg – perkusjon
- Gary Barlough – synthesizer
- Jerry Bennett – synthesizer, perkusjon
- Jim Crichton – synthesizer, keyboard
- Gary Falcone – vokal
- Deborah Anderson – vokal (dotter til Jon Anderson)
- Ian Lloyd – vokal
- Tommy Funderburk – vokal
- Sherman Foote – synthesizer
- Brian Foraker – synthesizer
- Chris Fosdick – synthesizer
- Rory Kaplan – synthesizer
- Alex Lasarenko – synthesizer, keyboard
- Steve Porcaro – synthesizer
- Michael Sherwood – vokal (bror til Billy Sherwood)
- Danny Vaughn – vokal
Salslister
Liste (1991) | Plassering |
---|---|
Nederlandske album (MegaCharts)[4] | 17 |
Tyske album (Media Control)[5] | 15 |
Svenske album (Sverigetopplistan)[6] | 32 |
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade)[7] | 16 |
Britiske album (OCC)[8] | 7 |
US Billboard 200[9] | 15 |
Kjelder
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.