underorden av sporvefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia
Tyranni er ein underorden av sporvefuglar, òg kalla Suboscines. Han inneheld over 1300 artar, det store fleirtalet av desse er søramerikanske. Han er kalla opp etter den biologiske slekta Tyrannus.
Tyranni | |
Saksetyrann, Tyrannus forficatus Foto: Gary Kramer | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Underklasse: | Neognathae |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Underorden: | Tyranni |
Desse har ein annan anatomi for syrinx-muskulaturen enn Oscines, songfuglar av den større underordenen Passeri, derav det populærnamnet suboscines. Dei tilgjengelege morfologiske data, DNA-analysar, og biogeografiske data, i tillegg til avgrensa fossile funn, peikar mot at desse to store underordenar av sporvefuglar er evolusjonært distinkte kladar.
| |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Eit forenkla diagram som syner fylogenetiske samband innanfor underorden Tyranni. Basert på Carl H. Oliveros et al. (2019)[1] |
Ifølgje Sibley og Ahlquist sine arbeid med DNA-DNA hybridisering kan Tyranni delast vidare inn i tre kladar: Acanthisittides, Eurylaimides, og Tyrannides. Den første, som inneheld klatresmettar, Acanthisittidae, har ein omstridd posisjon. Gjeldande oppfatning er at dei er meir sannsynleg eit veldig tydeleg og gamle nedstamming, og utgjer ein eigen underordenen av Passeriformes.
Gruppe | Tal på artar, gruppe |
---|---|
Tyranni i «den gamle verda» | 64 |
Undergruppe Furnariida - «nye verda» | 600 |
Undergruppe Tyrannida - «nye verda» | 701 |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.