Syrinx
del av fuglers taleorgan From Wikipedia, the free encyclopedia
del av fuglers taleorgan From Wikipedia, the free encyclopedia
Syrinx (gresk for 'røyr, fløyte'[1]) er namnet på vokaliseringsorganet hos fuglar. Organet er lokalisert nedst i luftrøyret, der røyret deler seg inn i lungene. Syrinx er muskulært og musklane styrer ei rekkje membranar som blir sette i vibrasjon og skaper lydar når luft strøymer gjennom det. Musklane modulerer lyden ved å endre spenninga i membranar og i bronkieopningar.[2] Nokre fugleartar har ein kompleks syrinx og er i stand til å variere lydtrykk og tonehøgde. Til dømes kan artar av papegøyar, kråkefuglar og nokre starar, etterlikne menneskeleg tale. Andre artar har mindre utvikla syrinx og er berre i stand til å variere innanfor eit avgrensa repertoar av enkle lydar. Kondorar manglar syrinx heilt.[3]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.