From Wikipedia, the free encyclopedia
Ei tønne, eller tynne, i somme tilfelle også kalla fat, er eit lukka rundt ilåt med bogne vegger som tradisjonelt er laga av tønnestavar av tre og bunden saman med tønneband av metall eller tilsmidd treband, oftast av hassel.
Tønner har vore brukte til å lagra og frakta drikkevarer og matvarer i fleire hundreår. Rundt om i Europa har tønner vore framstilla i mange ulike storleikar, i Noreg har storleiken på tønner brukt til handelsvarer vorte standardisert. Ein person som set saman tretønner vert kalla bøkker. Ulike treslag har vore brukte til tønner, men tønner til å lagre flytande varer skal helst vere produsert av eik. Det vert framleis produsert tønner av tre, i dag blir dei særleg brukte til å lagra alkoholdrikkar for mogning. Dei blir då kalla fat.
Det er no vanleg å produsere tønner for lagring og transport av væsker i plast, aluminium eller andre metall i ulike storleikar. Ofte kallar ein då behaldaren fat som i oljefat for oljeprodukt, men når ein lagrar farleg avfall nyttar ein ofte nemninga gifttønne.
Tønner har gjeve opphav til fleire ulike måleiningar, først og fremst for volum. Det har ulik storleik avhengig om det er tørre eller flytande varer som vert målt.
I toppen av stormastra på kval- og selfangstskuter har det vore vanleg å feste ei sylindrisk eller konisk utkikstønne. I denne tønna er det plass til ein utkiksmann.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.