Tverrelvdalen

tettstad i Alta From Wikipedia, the free encyclopedia

Tverrelvdalen er ein tettstad i Alta kommune, vest i Finnmark fylke. Staden ligg søraust for byen Alta og har 464 innbyggjarar per 1. januar 2024.

Kjappe fakta Land, Fylke ...
Tverrelvdalen
tettstad
Land  Noreg
Fylke Finnmark
Kommune Alta
Areal 0,37 km²
Folketal 464  (2024)
Folketettleik 1 254 / km²
Thumb
Tverrelvdalen
69.923333°N 23.495833°E / 69.923333; 23.495833
Lukk

Staden er særleg kjend for å ha eit talemål ulikt resten av Finnmark, sidan det var utvandrande gudbrandsdøler som busette seg der på 1830-talet, altso ein generasjon etter at øysterdølene busette Bardu og gudbrandsdølene Målselv i Indre Troms. Talemålet er utsett for mykje eksponering og utjamning av områda rundt, der dei talar ytre finnmarksk. Talemålet i dag er mykje utvatna, men om nokon er interesserte kan de høyra litt på korleis det var hjå gamle på 1980-talet[1]. I tillegg til Tverrelvdal og Indre Troms so finn ein eit vestlandsk innflytjarmål (frå Voss?) på Kiby og Ekkerøy utanfor Vadsø[2], Sanitetsdalen og sørdelen av Hattfjelldal av trønder og austlendingar[3].

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.