Tutti er eit italiensk ord som tyder 'alle' eller 'i saman'.
Som eit musikalsk uttrykk vert det nytta på forskjellig vis:
Det kan vise til ein orkesterpassasje der alle medlemmene i orkesteret (eller delar av eit orkester) spelar samstundes. I eit konsertstykke indikerer det delar for heile orkesteret, i motsetnad til delar for solistane. Det vert nytta på liknand vis i kormusikk, der heile seksjonar eller heile koret syng samstundes.[1]
Ein som orkestrerer eit stykke kan spesifisere at ein musikar i orkesteret skal spele aleine, medan resten av seksjonen er stille under soloen. Det står då skrive solo på partituret der soloen startar, og tutti der heile seksjonen starta å spele att.
I orgelmusikk indikerer det fullt orgel: alle pipene vert opna. Dette vert stundom skrive på partitur som .
Apel, Willi, red., Harvard Dictionary of Music, Second Edition, Revised og Enlarged. The Belknap Press of Harvard University Press, Cambridge, Massachusetts, 1969. SBN 674375017
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.