Tussa Kraft
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Tussa Kraft AS er eit norsk energi- og kommunikasjonskonsern med hovudkontor i Ørsta kommune på Sunnmøre. 200 medarbeidarar jobbar i konsernet, med oppgåver innanfor kraftproduksjon, kraftomsetning, IKT og installasjon.
Tussa Kraft | |||
Org.form | Aksjeselskap | ||
---|---|---|---|
Org.nr. | 916929641[1] | ||
Skipa | 19. desember 1956 | ||
Eigar | Ørsta kommune, Herøy kommune, Volda kommune, Hareid kommune, Vanylven, Ulstein, Sande kommune | ||
Dotterselskap | Tussa Energi AS, Tussa IKT | ||
Hovudkontor | Ørsta | ||
Land | Noreg | ||
Nettstad | https://www.tussa.no/ (norsk) |
Verksemda vart stifta i 1949. I 2022 hadde ho fire heileigde dotterselskap: Tussa Energi, Sunnmøre Energi, Tussa IKT og Tussa Installasjon. I tillegg var ho deleigar i Mørenett og Wattn.[2]
All kraft frå Tussa er fornybar. I 2022 åtte og dreiv Tussa 25 vasskraftverk og 1 biobrenselanlegg. Tussa sine vasskraftverk har ein samla gjennomsnittleg produksjonskapasitet på om lag 750 GWh i året. Det er nok til å forsyne over 37 500 gjennomsnittshushald med straum i eit år.[3] Kraftverka er geografisk spreidde over heile søre Sunnmøre.
Ein stor del av overskotet i Tussa går tilbake til lokalsamfunnet gjennom utbyte til eigarane. Tussa er i dag eigt av åtte kommunar på søre Sunnmøre, KLP og eit kraftselskap.[4]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.