art av sporvefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia
Turkisdaknis (Dacnis hartlaubi) er ein fugl i tanagarfamilien som er endemisk for Colombia. Han lever i små oppstykka habitat i alle tre fjellkjeder av Andes, totalt utbreiingsareal er ca. 140 km2.[1]
Turkisdaknis | |
Turkisdaknis | |
Turkisdaknishoe | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Sårbar Utbreiinga av turkisdaknis | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Tanagarar Thraupidae |
Slekt: | Dacnis |
Art: | Turkisdaknis D. hartlaubi |
Vitskapleg namn | |
Dacnis hartlaubi P.L. Sclater, 1855 |
Turkisdaknisen er ein liten tanagar med ei kroppslengd på 11 cm, der kjønna har stor skilnad i utsjånaden. Hannfuglen er lys turkisblå med ei svart maske, svart strupe, svart skulder og hale. Vengene er òg svarte, men med somme blåfrynsete fjører. Hofuglar er lite iaugefallande: brun overside, grå underside som går over til gulkvitt på midten av buken og brystet. Begge har kort og kraftig nebb og gul iris.[2]
Lætet hos denne arten er ein uvanleg høg, monoton metallisk knirkelyd.
Han lever for det meste i fuktige habitat, mellom 1350 og 2200 moh. Dette er fruktetarar som òg tar insekt og andre leddyr.
Storleiken på populasjonen er estimert til å ligge i området 3 750-15 000, og trudd å vere minkande. Arten er klassifisert som sårbar. Trugsmåla er avskoging for jordbruksføremål, kaffiplantasjar og urbanisering der arten har hatt naturleg habitat.[1]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.