From Wikipedia, the free encyclopedia
Tupac Amaru Shakur (16. juni 1971–13. september 1996), fødenamn Lesane Parish Crooks, var ein kjend rappar frå USA.
Tupac Shakur | |||
| |||
Fødd | 16. juni 1971 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | East Harlem | ||
Død | 13. september 1996 (25 år) | ||
Dødsstad | University Medical Center of Southern Nevada | ||
Fødenamn | Lesane Parish Crooks | ||
Alias | 2Pac, Makaveli, MC New York | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1989–1996 | ||
Sjanger | vestkystrap, politisk hiphop, gangster-rap, hardcore-hiphop, g-funk, mafioso-rap, conscious rap, horrorcore | ||
Instrument | vokal | ||
Plateselskap | Death Row Records, Interscope Records, Amaru Entertainment | ||
Verka som | rappar, låtskrivar, skodespelar, lyrikar, aktivist, songtekstforfattar, fjernsynsskodespelar, filmskodespelar, skribent, songar | ||
Mor | Afeni Shakur | ||
Far | Billy Garland, Mutulu Shakur | ||
Gift med | Keisha Morris | ||
Sambuar med | Madonna, Kidada Jones | ||
Prisar | Soul Train Music Award for Best Rap Album, American Music Award for Favorite Rap/Hip-Hop Artist, MOBO Awards for Best Video, Soul Train Music Award for Best R&B/Soul Album of the Year, Rock and Roll Hall of Fame |
Tupac er kanskje mest kjend under aliaset 2Pac, som han tok då han byrja å spela med rappegruppa Digital Underground. Mot slutten av livet tok han også aliaset Makaveli etter den italienske adelsmannen og forfattaren Niccolò Machiavelli.
Shakur var fødd i Bronx i New York. Han døydde i Las Vegas etter å ha blitt skoten av ukjende i ein forbipasserande bil. Mor hans, Afeni Shakur, var medlem av Black Panthers, 'Svarte pantarar', som kjempa for afroamerikanarar mellom anna gjennom valdsbruk, og var gravid medan ho sett i fengsel for å ha framsett bombetruslar. Far hans, Mutulu Shakur, var også med i den omstridde organisasjonen.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.