Niccolò Machiavelli

From Wikipedia, the free encyclopedia

Niccolò Machiavelli

Niccolò Machiavelli (3. mai 146921. juni 1527) var ein italiensk forfattar, statsmann, diplomat og filosof. Han levde i Firenze i renessansen. Hovudverka er Fyrsten (1513) og Drøftingar av dei første ti bøkene hjå Titus Livius (151321).

Thumb
Niccolò Machiavelli

I dag er kanskje Machiavelli mest kjend for si tilnærming til omgrepet makt. Temaet vart teke opp i boka Fyrsten. Boka er like mykje ei praktisk handbok for leiarar i maktbruk, som ei filosofisk drøfting av omgrepet makt. Machiavelli si tilnærming til makt er like aktuell i dag som på 1500-talet. Enkelte kritiserer tankane hans om makt for å vera utslag av kynisme.

Hans E. Kinck skreiv ei lengre utgreiing om Machiavelli og samtida hans, og eit skodespel om mannen, Mot Karneval. Kinck meinte Machiavelli skreiv Fyrsten som han gjorde av di han hadde mist alle illusjonar om ein god leiar for Italia. Alle fyrstane han opplevde i samtida mangla det han meinte skulle til for å nå dei måla som var naudsynte. Kinck nytta og Machiavelli for å åtvara mot fascismen som voks fram i Italia på den tida skodespelet Mot Karneval vart til.

Musikk til verka Mandragola og Clizia vart skrive av den samtidige komponisten Philippe Verdelot.

Nokre verk

  • Discorso sopra le cose di Pisa, 1499
  • Del modo di trattare i popoli della Valdichiana ribellati, 1502
  • Del modo tenuto dal duca Valentino nell' ammazzare Vitellozzo Vitelli, Oliverotto da Fermo, etc., 1502
  • Discorso sopra la provisione del danaro, 1502
  • Decennale primo, 1506
  • Ritratti delle cose dell'Alemagna, 1508-1512
  • Decennale secondo, 1509
  • Ritratti delle cose di Francia, 1510
  • Discorsi sopra la prima deca di Tito Livio, 3 vol., 1512-1517
  • Il Principe, 1513 (Fyrsten)
  • Andria, 1513 (?)
  • Mandragola,
  • Della lingua (dialog), 1514
  • Clizia, 1515 (?)
  • Belfagor arcidiavolo, 1515
  • Asino d'oro, 1517
  • Dell'arte della guerra, 1519-1520
  • Discorso sopra il riformare lo stato di Firenze, 1520
  • Sommario delle cose della citta di Lucca, 1520
  • Vita di Castruccio Castracani da Lucca, 1520
  • Istorie fiorentine, 8 bøker, 1521-1525
  • Frammenti storici, 1525.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.