Troll Airfield er ein flyplass som ligg rundt sju kilometer frå den norske feltstasjonen Troll i Antarktis. Flyplassen blei bygd på iskappa og opna for trafikk i februar 2005. Han blir brukt til transport av personell og utstyr i samband med forsking i området.
Troll Airfield | |||
| |||
IATA | QAT | ||
---|---|---|---|
ICAO | ENOE | ||
Operatør | Norsk Polarinstitutt | ||
Tener | Troll-stasjonen | ||
Stad | Antarktis traktat-område | ||
Opna | 2005 | ||
Høgd | 1 232 meter | ||
Koordinatar | 71°57′26″S 2°28′0″E |
Norsk polarinstitutt inviterte elleve land som opererte i Dronning Maud Land til samarbeid om Dronning Maud Land Air Network Project (DROMLAN). Troll Airfield er ein del av luftnettverket saman med Cape Town i Sør-Afrika og den russiske forskingsstasjonen Novolazarevskaja nordaust for Troll. Passasjerar blir flogne inn frå fastlandet og så transporterte med mindre fly vidare til dei endelege reisemåla sine.
Flyplassen viste seg å vera populær sidan han bidrog til å senka kostnadene i samband med forsking i Antarktis. C-130 Hercules og liknande fly har regulære flygingar. Rullebanen avgrensar ikkje storleiken på besøkande fly. Troll Airfield er berre open for trafikk i samband med forsking. Det finst ingen tenester for kommersiell trafikk.[1] Flyplassen er open frå oktober til februar i den antarktiske sommarsesongen. 28. november 2012 landa det for første gong eit Boeing 737-fly på Troll. Flyet transporterte 33 personar og vende tilbake til Cape Town dagen etter.[2]
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.