slekt av sporvefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia
Troglodytes er ei biologisk slekt av små sporvefuglar i gjerdesmettfamilien.
Troglodytes | |
Hussmett, Troglodytes aedon, i São Paulo Foto: Dario Sanches | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Underorden: | Passeri |
Familie: | Gjerdesmettfamilien Troglodytidae |
Slekt: | Troglodytes Vieillot, 1807 |
Desse gjerdesmettane er rundt 11–13 cm lange. Dei er brunaktige på oversida og litt bleikare på undersida, og har sterke bein. Dei korte avrunda vengene og den ofte løfta halen har eit mønster av mørke tverrstriper. Flyginga er direkte og summande.
Som andre gjerdesmettslekter er dei ofte lite synlege når dei jaktar på små insekt og edderkoppar, men dei avslører posisjonane sine gjennom sine kraftfulle songar. Dette er territorieale fuglar, men vintersmett, Troglodytes hiemalis, i Nord-Amerika vil ofte samlast i eit holrom i kaldt vêr for å spare varme.
Mange Troglodytes-gjerdesmettar lever stort sett i noko kjøligare habitat enn dei fleste av slektningane i andre slekter i familien. Fire av artane er funne i fjella frå Mexico til nordlege Sør-Amerika.
Fleire av artane har berre ei avgrensa utbreiing og nokre av desse igjen er raudlista: falklandssmett, endemisk for Falklandsøyane, sårbar; socorrosmett, endemisk for Socorroøya, nær truga; clarionsmett, endemisk for øya Clarion i Stillehavet, meir enn 700 km frå fastlandet i Mexico er sårbar; rustbrynsmett, i fjellstrøk i Chiapas i Mexico, Honduras, El Salvador, Guatemala og nordvestre Nicaragua; okersmett, i fjella i Costa Rica og Panama; santamartasmett, endemisk for Sierra Nevada de Santa Marta, Colombia, kritisk truga; tepuissmett, isolerte populasjonar i søraustlege Venezuela og litt inn i tilgrensande Guyana og kanskje litt inn i Brasil.[1]
Til forskjell frå artane nemnt over, har hussmett og spesielt arten gjerdesmett vidt utbreiingsområde og dei har mange variantar i form av underartar. Til dømes er det registrert 28 underartar av gjerdesmett.[2] Fem artar finst på tempererte breiddegradar, men hussmett finst både i tropisk og temperert låglandshabitat. Hussmett lever gjennom Amerika frå sørlegaste Tierra del Fuego nordover til California og hekkar så lang nord som i Canada. Tidlegare var den hardføre arten gjerdesmett eit takson av populasjonar i slekta med ei breiare distribusjon over Nord-Amerika, Europa, Asia og Nord-Afrika. Taksonet blei delt inn i tre artar, gjenverande del av gjerdesmett er populasjonar i «den gamle verda», dei to andre artane lever i Nord-Amerika, dei har førebels ikkje namn på norsk. Falklandssmett er ein annan robust art som toler tøffe tilhøve.
Dei næraste slektningane av denne slekta er moglegvis bambussmett (Thryorchilus) og Cistothorus-artane.[3]
Troglodytes i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2017[2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[4]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.