Triose
monosakkarid som inneheld tre karbonatom From Wikipedia, the free encyclopedia
Triosar er monosakkarid som inneheld tre karbonatom.[1] Det finst tre ulike former av sukkeret: L-glyseraldehyd og D-glyseraldehyd, som begge er aldotriosar sidan karbonylgruppa ligg ytst i kjeda, og dihydroksyaceton, som er ein ketotriose sidan karbonylgruppa ligg i midten.[2]


Triosar er viktige for celleanding. Gjennom glykolyse blir fruktose-1,6-difosfat broten ned til glyseraldehyd-3-fosfat og dihydroksyacetonfosfat, som seinare gjev opphav til mjølkesyre og pyrodruesyre.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.